Adjektivkongruens i amerikanorsk
Sammendrag
I arvespråket amerikanorsk finst det mykje språkblanding. Denne artikkelen ser nærare på attributive engelske adjektiv i nominalfrasar som har norsk struktur og norsk substantiv, og vi undersøker om desse engelske adjektiva har norsk bøying i eit nyare korpusmateriale (CANS). Resultata syner at dei fleste engelske adjektiva står saman med eit engelsk substantiv, og det er altså ein kontekst der ein verken ventar eller finn norsk bøying. Resultata viser også at i dei få tilfella der eit engelsk attributiv adjektiv står saman med eit norsk substantiv, er det heller ikkje norsk bøying, noko som er uventa. Vi godtgjer at det ikkje har skjedd ei tydeleg endring frå tidlegare generasjonar av amerikanorsktalarar, dokumentert i Haugen (1953) og Hjelde (1992). Artikkelen diskuterer kvifor adjektiva oppfører seg annleis enn substantiv og verb og foreslår ein formell analyse av fråveret av norsk bøying på engelske attributive adjektiv i dei relevante kontekstane i det nyare CANS-materialet.
Beskrivelse
Forlag
Novus forlagSitering
Riksem B, Lohndal T, Åfarli TA: Adjektivkongruens i amerikanorsk. In: Hagen K, Kristoffersen G, Vangsnes ØA, Åfarli TA. Språk i arkiva. Ny forsking om eldre talemål frå LIA-prosjektet , 2021. Novus Forlag p. 273-293Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2021 The Author(s)