Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorJørgensen, Jorunn B.
dc.contributor.advisorJensen, Ingvill
dc.contributor.authorEllingseter, Hanna Fylling
dc.date.accessioned2023-10-04T08:02:32Z
dc.date.available2023-10-04T08:02:32Z
dc.date.issued2022-05-29
dc.description.abstractPankreassjukdom, infeksiøs lakseanemi, hjarte- og skjelettmuskelbetennelse og kardiomyopatisyndrom er dei mest utbreidde virussjukdommane i oppdrettsnæringa i Noreg i dag. Sjukdommane har skulda for sterkt nedsett velferd for laksefisk, og store økonomiske tap for oppdretterar langs heile kysten. Vaksinane som blir nytta mot virus i dag har ikkje tilfredsstillande effekt, då vaksinert fisk framleis blir smitta av virus. For å få større kontroll over virussjukdommane, må det bli utvikla meir effektive vaksinar. Vaksinologi er dermed eit fagfelt som er og blir viktig for den framtidige akvakulturnæringa. Immunmodulatorar er stoff som verkar inn på immunsystemet sitt funksjon og kan bli lagt til i vaksinar som adjuvansar for å auke immunresponsen ved infeksjon. Ein viktig del av immunforsvaret er nøytraliserande antistoff som blir skilde ut i blodet av antistoff-sekrerande B-celler. Det er vist at nokre typar immunmodulatorar som mellom anna CpG, LPS, imiquimod og poly I:C kan verke inn på antalet B-celler som har evne til å skilje ut antistoff. Dette gjer dei ved å binde TLR-reseptorar som finst på laksen sine immunceller, inkludert B-cellene. Formålet med dette studiet var å undersøke om frekvens av IgM+ antistoffsekrerande celler (ASC) i leukocyttpopulasjonar frå hovudnyre, milt, blod og bukhole frå laks endra seg etter stimulering med TLR-ligandane CpG, LPS, imiquimod og poly I:C, målt med ELISpot. RT-qPCR vart nytta for å undersøke uttrykket av ulike immungen og immunoglobulinar etter stimulering med same TLR-ligandar. I tillegg vart naive leukocyttar frå laks stimulerte med ulike type I-IFN for å studere korleis IFN verkar inn på antal IgM+ ASC i cellekultur. For å etablere ein metode for å studere IgM+ B-celler i ELISpot, vart IgM+ B-celler sorterte ut frå leukocyttar frå milt hos laks og sådd ut i ulike konsentrasjonar. Dei sorterte cellene vart også stimulerte med LPS, for å undersøke om LPS har direkte verknad på B-celler hos laks. Stimulering med CpG, LPS og imiquimod auka frekvensen av IgM+ ASC i leukocyttpopulasjonane, medan behandling med IFN og poly I:C ikkje gav nokon signifikant effekt. Dei sorterte B-cellene viste ikkje respons på behandlinga med LPS. I RT-qPCR-analysen vart det stadfesta at stimuleringa med TLR-ligandane gav immunreaksjonar i cellene. Funna i denne oppgåva har bidratt til å belyse korleis leukocyttpopulasjonar frå naiv laks responderer til stimulering med TLR-ligandar og type I-IFN. Den gir også eit forslag på kva for mengd av sorterte IgM+ B-celler som er utgjorde av ASC.en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/31415
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen_US
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten_US
dc.rights.accessRightsopenAccessen_US
dc.rights.holderCopyright 2022 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/4.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0)en_US
dc.subject.courseIDBIO-3955
dc.titleStudiar av B-celler hos laks (Salmo salar) – blir dei aktiverte av TLR-ligandar?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0)
Med mindre det står noe annet, er denne innførselens lisens beskrevet som Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0)