"Dei tidville baklengslogikkane. Analepsar og analeptiske grep i Therese Tungens 'Flaumen'"
Forfatter
Auklend, MortenSammendrag
Noko som slår ein som les Therese Tungen sine noveller, er alle analepsane, altså tilbakeblikk eller retrospeksjonar i tekstane.i I dei to samlingane Ein gong var dei ulvar (2017) og Kjærleik og det som liknar (2019) vender narrasjonen, det vil seie tekstforteljaren, stadig attende til fortidige hendingar, samtaler, møte og livsfasar i karakterane si fortid for å rekonsteksualisere refleksjonar, val og sjølvforståing i notida. Desse grepa skapar ein dialog med fortida som er så frekvent i novellene i form av til dømes minne og backstory at karakterane på mange måtar blir si fortid, dei heng fast i ho, forstår seg sjølve i kraft av ho. Utan at dei nødvendigvis bler klokare av den grunn, for hos Tungen er ikkje blikket på fortida noko som oppklarer eller løyser problema dei hamnar i.
Forlag
SamlagetSitering
Auklend MA. "Dei tidville baklengslogikkane. Analepsar og analeptiske grep i Therese Tungens 'Flaumen'". Norsk Litterær Årbok. 2023:195-218Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2023 The Author(s)