dc.contributor.advisor | Dahl, Per Erling | |
dc.contributor.author | Helleland, Liva | |
dc.contributor.author | Lien, Marit | |
dc.date.accessioned | 2012-01-02T12:42:42Z | |
dc.date.available | 2012-01-02T12:42:42Z | |
dc.date.issued | 2011-09-15 | |
dc.description.abstract | Dei siste 10 åra har thorakale endograft vorte eit alternativ til open operasjon av thorakal aortasjukdom ved Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). I denne studia presenterast resultata frå desse 10 åra.
Materiale og metode: Retrospektivt har pasientjournalar vorte gjennomgått. I perioda 1999 til 2009 vart 59 pasientar behandla med endovaskulære stentgraft. 42 av desse var menn. Gjennomsnittsalder var 65,3 år (7-85). Indikasjon for inngrepet var degenerative aneurismar (n=32), B-disseksjonar (n=14), traume (n=7), ulcus aorta (n=4) og mykotiske aneurismar (n=2). 34 pasientar vart behandla akutt. Oppfølgjing vart gjort med kontrast CT etter 1,3,6 og 12 mnd. Deretter årleg. Klinisk kontroll og CT vart utført ved lokalsjukehusa, og sendt elektronisk til UNN for vurdering. 2 pasientar var ikkje heimehøyrande i regionen, og vart difor ikkje inkludert i oppfølgjinga. Median oppfølgjingstid var 28 mnd.
Resultat: 6 pasientar døydde innan 30 dagar. 4 av desse var akuttbehandla. 24 pasientar fekk dekt venstre arteria subclavia. 7 av 24 fekk utført bypass eller chimney prosedyre, og ingen av desse 7 fekk slag. Totalt 3 pasientar fekk major slag. Alle desse 3 fekk dekt venstre arteria subclavia utan bypass. 4 pasientar fekk minor slag. Av desse fekk 1 dekt venstre arteria subclavia utan bypass. 2 pasientar vart paraplegiske etter inngrepet. Der vart utført 12 reintervensjonar etter mediantid 14 mnd(1-83).
Konklusjon: Endograft er ei trygg prosedyre for thorakal aortasjukdom. Venstre arteria subclavia bør ikkje dekkjast utan samtidig utført bypass eller chimney prosedyre. | en |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/3736 | |
dc.identifier.urn | URN:NBN:no-uit_munin_3449 | |
dc.language.iso | nno | en |
dc.publisher | Universitetet i Tromsø | en |
dc.publisher | University of Tromsø | en |
dc.rights.accessRights | openAccess | |
dc.rights.holder | Copyright 2011 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0) | en_US |
dc.subject.courseID | 5.-årsoppgave | en |
dc.subject | VDP::Medisinske Fag: 700::Klinisk medisinske fag: 750::Kar- og thoraxkirurgi: 782 | en |
dc.subject | VDP::Medical disciplines: 700::Clinical medical disciplines: 750::Vascular and thoracic surgery: 782 | en |
dc.title | Stentgraftbehandling av thorakal aortasjukdom | en |
dc.type | Master thesis | en |
dc.type | Mastergradsoppgave | en |