Sammendrag
Førebygging HIV-smitte frå mor til barn er eit fagfelt i utvikling. Utan intervensjon er risikoen for overføring av viruset 15-30 % i folkesetnader som ikkje ammar. Dersom ei HIV-positiv mor ammar aukar risikoen med 5-20 %, noko som gjev ein overordna risiko på 20-45 %. I tillegg til å omhandle basalfag kring HIV-viruset, fokuserer oppgåva særskilt på amming og korleis oppfatninga av kva som er best for mor og barn har endra seg gjennom historia. Oppgåva er knytt til Botswana, men den omhandler også andre afrikanske land.