Påverkar individuell fysioterapibehandling med fokus på kjernestabilitet gangfunksjon hjå MS-pasientar?
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/4807Dato
2012-10-31Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Hop, Ida AilinSammendrag
I denne SSED studien undersøker ein om individuell fysioterapi med fokus på kjernestabilitet kan ha effekt på gangfunksjon hjå MS pasientar. 2 heimebuande personar med MS vart inkludert . Studia vart utført i samband med eit 4 vekers rehabiliteringsopphald. Designet er ABA design, der A er fasar utan intervensjon, og B er fasar med intervensjon. Testane ein nytta er: Rivermead Visual Gait Assesment, Trunk Impairment Scale, Timed up and Go, Functional Reach, 10 m gangtest og 2 min gangtest. I tillegg nytta ein sjølvrapporteringsskjema der terapeut og deltakar kunne scora si subjektive oppfatning av endring. Deltakarane vart testa 5 gongar på baseline (A), 6 gongar i intervensjonsfasen (B) og høvesvis 5 og 4 gongar i oppfylgingsfasen. Intervensjonen hadde fokus på kjernestabilitet., og bestod av totalt 12 behandlingar à 45 min.
Deltakar A viser signifikant positiv endring på alle testar, medan deltakar B viser signifikant positiv endring på Functional Reach og 2 minuttar gangtest. Både deltakarar og terapeut oppfattar høvesvis stor og moderat grad av positiv endring.
Resultata er ikkje eintydige, men antydar at trening av kjernestabilitet kan ha effekt på gangfunksjonen hjå pasientar med MS. Resultata kan ikkje generaliserast, og det er behov for større randomiserte studiar på emnet.
Forlag
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2012 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: