dc.contributor.author | Conzett, Philipp | |
dc.date.accessioned | 2016-02-16T15:02:28Z | |
dc.date.available | 2016-02-16T15:02:28Z | |
dc.date.issued | 2015-11-25 | |
dc.description.abstract | Dei siste åra har nordiskfaget i likskap med andre tradisjonelle humanistiske fag vore gjenstand for debatt kring den såkalla humaniorakrisa. Måten eit fag kommuniserer forskingsfunna sine på, er eit viktig ledd i fornyingsprosessen av norsk humaniora som no er sett i gang frå fleire hald, både på institusjonsnivå og på eit overordna plan, t.d. gjennom utgreiingsarbeid i regi av Noregs forskingsråd og av Kunnskapsdepartementet.
I dette føredraget skal eg gje eit oversyn over publiseringssituasjonen i nordiskfaget i Noreg. Eg skal sjå nærare på kva preferansar nordistar har når dei skal publisera forskingsresultata sine. Det er ei lang rekkje spørsmål som reiser seg: Kva publiseringskanalar vel nordistar? Kva form brukar dei (t.d. monografi eller artikkel)? I kva grad er publikasjonane ope tilgjengelege? Er nordistar flinke til å eigenarkivera publikasjonane sine? I kva grad når dei ut til fagfellane sine og til eit meir breitt publikum? Er det visse publiseringsformer eller -kanalar som blir siterte oftare enn andre? Finst det geografiske, aldersmessige, emnemessige eller andre typar skilnader i publiseringsmønstera? Korleis har publiseringsmønstera utvikla seg over tid? Inntoget av teljekantsystemet i norsk UH-sektor opnar for nye måtar å nærma seg desse spørsmåla på. I tillegg skal eg kort peika på alternative publiseringsformer og -kanalar, og visa korleis dei kan vera med på å gjera nordiskforskinga i Noreg meir synleg.
Resultata frå denne undersøkinga skal tena som grunnlag for vidare diskusjon av publiseringssituasjonen i nordiskfaget, både i paneldiskusjonen etter dugnadsgruppeinnlegga og i det vidare arbeidet etter konferansen. | en_US |
dc.identifier.citation | Dugnadsgruppe om open tilgang til forskingsresultat («Open Access»), 16. møte om norsk språk (MONS 16) 25-27.11.2015 | en_US |
dc.identifier.cristinID | FRIDAID 1294551 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/8501 | |
dc.identifier.urn | URN:NBN:no-uit_munin_8067 | |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Universitetet i Agder | en_US |
dc.rights.accessRights | openAccess | |
dc.subject | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Biblioteks- og informasjonsvitenskap: 320 | en_US |
dc.subject | VDP::Social science: 200::Library and information science: 320 | en_US |
dc.title | Tradisjonen tru? - Om publisering i nordiskfaget i Noreg | en_US |
dc.type | Conference object | en_US |
dc.type | Konferansebidrag | en_US |