Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHamran, Torunn
dc.contributor.authorGramstad, Astrid
dc.date.accessioned2007-04-17T06:31:51Z
dc.date.available2007-04-17T06:31:51Z
dc.date.issued2007-03-30
dc.description.abstractFormidling av tekniske hjelpemiddel er ei stor og viktig arbeidsoppgåve for ergoterapeutar som arbeider i kommunehelsetenesta, men til trass for dette er temaet etter måten lite diskutert i ergoterapifagkrinsar. Forsking på temaet har retta seg mot brukaren si oppleving av å ha og å få eit tekniske hjelpemiddel og utfordringar som fagutøvarane møter ved formidling av tekniske hjelpemidel. Ut i frå denne forskinga vert ergoterapeutar sitt arbeid med hjelpemiddelformidling kritisert for å vere tilfeldig og prega av for lite brukarmedverknad. Denne kritikken vert supplert med røyster innan fagmiljøet som tek til orde for å i større grad implementere evidensbasert praksis. Korleis hjelpemiddelformidling ved kommuneergoterapeut går føre seg i praksis, har ikkje vore fokus for forskinga. Dette til trass for at forskinga som er gjort strekar under at møtet med brukaren og måten hjelpemiddelet vert formidla på, er avgjerande for om formidlinga vert vellukka. Utgangspunktet i dette prosjektet er å rette merksemd mot dei kunnskapane og dugleikane som kommuneergoterapeutane nyttar seg av i det konkrete kartleggingsmøtet med brukaren ved formidling av hjelpemiddel. For å kunne gjere dette, er det naudsynt å ta utgangspunkt i eit anna syn på kunnskap enn det tradisjonelt vestlege vitskapsidealet. I denne oppgåva er det nytta teori om klinisk resonnering og praksiskunnskap som teoretisk perspektiv. For å finne ut kva kunnskapar kommuneergoterapeutane nyttar seg av når dei skal formidle hjelpemiddel, har eg gjennomført ei kvalitativ undersøking med observasjonar av tre kartleggingssituasjonar og etterfølgjande intervju av kommuneergoterapeutane. Ut i frå dette materialet viser det seg at ergoterapeutane rettar seg mot å forstå brukaren sin situasjon, der situasjonsomgrepet er overskridande i høve til fokuset på sjukdom, funksjon og brukaren sine næraste omgjevnadar. Samhandlinga med brukaren vert nytta medvitent for å bygge opp tillit og tryggleik for å leggje til rette for at han skal kunne kome fram med si problemstilling.en
dc.description.sponsorshipSenter for aldersforskning, Tromsøen
dc.format.extent810856 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/911
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_719
dc.language.isonnoen
dc.publisherUniversitetet i Tromsøen
dc.publisherUniversity of Tromsøen
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2007 The Author(s)
dc.subjectVDP::Medisinske fag: 700::Helsefag: 800::Andre helsefag: 829en
dc.subjectergoterapien
dc.subjecthjelpemiddelformidlingen
dc.subjectklinisk resonneringen
dc.subjectpraksiskunnskapen
dc.subjectsamhandlingen
dc.titleFormidling av hjelpemiddel i kommunen. Korleis resonnerer ergoterapeuten i kartleggingssituasjonen?en
dc.typeMaster thesisen
dc.typeMastergradsoppgaveen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel