dc.contributor.advisor | Jørgensen, Lone | |
dc.contributor.author | Breistein, Karen | |
dc.date.accessioned | 2014-08-28T05:07:32Z | |
dc.date.accessioned | 2016-05-19T08:07:15Z | |
dc.date.available | 2016-05-19T08:07:15Z | |
dc.date.issued | 2014-05-06 | |
dc.description.abstract | Bakgrunn: Postural Assessment Scale for Stroke (PASS) er ein etablert målereiskap utvikla for evaluering av balanse hjå hjerneslagpasientar. Ein svensk modifisert versjon av testen (SwePASS) med nokre viktige presiseringar har nyleg blitt utvikla. Ein norsk versjon av testen finst foreløpig ikkje. Mål: Målet med studien var å omsette SwePASS til norsk og vurdere den nye versjonen for intra- og intertestarreliabilitet. Design: Omsetting av SwePASS etter internasjonale retningsliner samt målestudie av intra- og intertestarreliabilitet. Metode: Tjuefem vaksne, som har hatt eit hjerneslag i løpet av dei siste tre månadene, vart strategisk rekruttert. Gjennomføringa av den norske versjonen av SwePASS for deltakarane vart filma og deretter skåra av tre terapeutar to gonger. For totalskåren på den norske versjonen av SwePASS vart relativ reliabilitet undersøkt ved å rekne ut Intraclass correlation coefficients (ICC 1,1 og ICC 3,1). For å undersøkje absolutt reliabilitet nytta ein Bland-Altman-plott, ”within-subject standard deviation” og ”smallest detectable difference”. For enkeltdeltestar vart Cohen’s kappa (k) og verdiar for prosentvis semje rekna ut. Resultat: For både intra- og intertestarreliabilitet av totalskår viste data svært høg relativ reliabilitet (ICC-verdiane ≥ 0,99) og absolutt reliabilitet. Kappaverdiar for dei enkelte deltestane varierte frå 0,73 til 1,00. Avgrensingar: Resultat bør ikkje generaliserast til personar med store kognitive svekkingar, då dei ikkje vart inkludert i denne studien. Konklusjon: Denne studien viser ein svært høg intra- og intertestarreliabilitet av den norske versjonen av SwePASS hjå vaksne med hjerneinfarkt dei fyrste tre månadene. | en_US |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/9172 | |
dc.identifier.urn | URN:NBN:no-uit_munin_8731 | |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | UiT Norges arktiske universitet | en_US |
dc.publisher | UiT The Arctic University of Norway | en_US |
dc.rights.accessRights | openAccess | |
dc.rights.holder | Copyright 2014 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0) | en_US |
dc.subject.courseID | HEL-3990 | en_US |
dc.subject | VDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Fysioterapi: 807 | en_US |
dc.subject | VDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Physiotherapy: 807 | en_US |
dc.title | The modified Swedish version of Postural Assessment Scale for Stroke.
Omsetting til norsk og undersøking av reliabilitet | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.type | Mastergradsoppgave | en_US |