«Vi har inget värde alls i samhällets och folks ögon alls. Vi är sämre än djur.» Ei nærlesing av Lars Norén sitt drama Skuggpojkarna (1999)
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/16268Dato
2019-05-15Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Åse, Siren Julianne JensenSammendrag
Denne masteroppgåva er ei etisk perspektivert tolking av Lars Norén sitt drama Skuggpojkarna (1999). Dramaet er skrive i den politiske perioden av forfattarskapet, der Norén sitt uttalte mål er å gje menneska som på ein eller anna måte finn seg på utsida av samfunnet, ei stemme. Metoden eg har nytta, er nærlesing. Gjennom døme frå dramaet, vil eg utforske kva grep Norén nyttar for å gje ‘skuggpojkarna’ eit menneskeleg ansikt. Oppgåva er delt inn i fire hovudkapittel: I det første skriv eg om trilogien, dramaet og forfattarintensjonen. I det andre hovudkapittelet gjer eg ei nærlesing av dramaet, med fokus på rom, tid og tablåa og deira funksjon. I det tredje kapittelet handsamar eg relasjonen mellom dei innsette og dei tilsette, og problematiserer eit definert skilje mellom ‘godt’ og ‘vondt’. medan det siste hovudkapittelet dreier seg om tilskodaren sin todelte rolle som overvakar og terapeut.
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2019 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: