Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKydland, Reidun
dc.date.accessioned2006-09-08T11:07:07Z
dc.date.available2006-09-08T11:07:07Z
dc.date.issued2004-06-15
dc.description.abstractHovudoppgåva er ei tolking av romanen Brannen av Tarjei Vesaas. Brannen er ein modernistisk roman som kom ut i 1961. Romanen handlar om den unge guten Jon som bur på hybel i eit hus, og som følgje av ei telefonoppringing gjev seg i veg ned trappene og ut og i gang med ei vandring. Vandringa fungerer strukturerande i romanen, og på denne vandringa har Jon mange opplevingar, mange skrekkelege møte med andre menneske, men også fine opplevingar innimellom. Eg har ei fleirledda problemstilling, og det første eg gjer er å tolke dei ulike møta Jon har med ulike menneske. Eg fokuserer på dei møta Jon har med jenter, og meiner at hans forhold til erotikk og jenter er ein sentral tematikk i Brannen. Han møter også ei kvinne som lar sauene døy, han møter ein som sagar ospeskiver og legg dei ut i skogen, han møter ein mann med grusbil som køyrer ned eit hus og dermed drep ein mann. Alle desse er skrekkelege møte som Jon reagerer sterkt på. Han møter også ein manngard som leitar etter ei forsvunnen jente, og nokre folk som prøver å få liv i forfrosne svaler, og desse opplevingane er meir positive for Jon. Det er gjennomgåande slik at dei uhyggelege møta må karakteriserast som ikkje-realistiske, som Jons møte med noko i sitt eige indre. Dei meir positive møta er derimot realistiske møte, og dei dannar ei ramme omkring handlinga i Brannen som startar og sluttar realistisk. Mellom møta er Jon ute i naturen, og naturopplevingane framstår som tvetydige. Jon hentar seg inn igjen mellom møta, han får kvilt seg og tenkt på alt det han opplever. Samstundes framstår naturen som noko farleg, Jon legg seg også ned for å døy, men blir berga. Eg undersøker også komposisjon og plotstrukturar i Brannen. Tidleg i romanen finn vi ein serie korte analepsar, som fortel om to jenter Jon har hatt eit forhold til i fortida. Vi får også vite litt om mora til Jon. Jon har ikkje fått til forholda til jentene, dei har begge to gått frå han. Han har også eit anstrengt forhold til mor si, som han prøvd å halde Jon borte frå jenter. Dette har han prøvd å kompensere med å grave seg ned i bøker. Eg konkluderer med at desse analepsane peikar ut ein viktig tematikk i Brannen. Jon er både svært interessert i jenter, samstundes som han er redd dei og ikkje veit korleis han skal oppføre seg. Mange har oppfatta Brannen som eit episodisk roman. Eg ønskjer å få nyansert dette synet, og peikar på mange trekk som lagar ein heilskap. Det finst to overordna plotstrukturar i Brannen, eit "plot of resolution" som får ei løysing i og med at Jon finn den bortkomne jenta, og eit openbarings- og utvklingsplot, eit "plot of revelation" som ikkje får ei løysing. Likevel ser vi at Jon utviklar seg gjennom romanen, til å bli meir open for andre menneske og til å innsjå at livet er mangfaldig. Ikkje bare godt eller vondt, men begge delar samstundes. Eit anna element som skaper heilskap, er eit gjennomgåande bildespråk, der brannsymbolikken vil vere grunnlaget.en
dc.format.extent782628 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/171
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_70
dc.language.isonnoen
dc.publisherUniversitetet i Tromsøen
dc.publisherUniversity of Tromsøen
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2004 The Author(s)
dc.subjectVDP::Humaniora: 000::Litteraturvitenskapelige fag: 040::Nordisk litteratur: 042en
dc.subjectTarjei Vesaasen
dc.subjectBrannenen
dc.titleEi tolking av Brannen av Tarjei Vesaasen
dc.typeMaster thesisen
dc.typeMastergradsoppgavenor


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel