Frå Minnesota til Hardanger. Ei nærlesing av tre dikt av Robert Bly og Olav H. Hauges omsetjingar av dei.
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/176Dato
2004-05-10Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Øvergaard, WencheSammendrag
Denne hovudoppgåva er ei nærlesing av tre dikt av den amerikanske poeten Robert Bly og Olav H. Hauges omsetjingar av dei same tre dikta. Dei tre dikta av Bly er: ”Waking from Sleep”, ”Driving Through Minnesota during the Hanoi Bombings” og ”Six Winter Privacy Poems.” Desse dikta er i Hauges omsetjingar blitt til:”Me vaknar or svevnen”, ”På veg gjennom Minnesota medan dei bombar Hanoi” og ”Seks vinterdikt frå Hytta”.
Gjennom nærlesing og komparasjon av originaltekstar og omsetjingar forsøker eg å gi eit bilde av det omsetjingsarbeidet Hauge har gjort med å omsetje desse tre tekstane av Bly til norsk. For å kunne vurdere dette arbeidet, har eg samanlikna det eg kjem fram til i nærlesing og –komerasjonsdelen, med sentrale omsetjingsteoriar i eit eige kapittel til slutt. Omsetjingsteoriane gjør eg først greie for i innleiinga. I avslutningskapitlet vurderer eg Hauges omsetjingar av dei tre Bly-dikta i forhold til tre sentrale omsetjingsteoriar: Den kjeldetekstorienterte, den mottakarspråksorienterte og den overføringsorienterte omsetjingsteorien. Dei omsetjingsteoretikarane som fokuserer på den kjeldespråksorienterte teorien, meiner at ei omsetjing alltid skal bli til på dei premissane originalteksten sett. Dei mottakarspråksorienterte omsetjingsteoretikarane meiner at ei omsetjing også må skje på det nye språket sine vilkår, og er desse teoretikarane er ofte mest opptatte av teksten i den omsette versjonen.Dei overføringsorienterte omsetjingsteoretikarane fokuserer på kontakt mellom kulturar og legg vekt på at ei omsetjinga kan få eit anna resultat ut i frå den tida og det rommet ho er omsett i.
Gjennom ei drøftinga av Hauges omsetjingar og omsetjingsteoriane meiner eg å finne at Hauges omsetjingar av dei tre Bly-dikta i stor grad greier å yte originalteksten rettferd, men samtidig er omsetjingane til Hauge integrert i den norske kulturen.
Forlag
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2004 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: