Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorVangnes, Øystein
dc.contributor.authorBakkevoll, Geir Heggås
dc.date.accessioned2020-03-19T10:42:51Z
dc.date.available2020-03-19T10:42:51Z
dc.date.issued2019-10-30
dc.description.abstractDenne undersøkinga har for det første leitt etter utvalde språklege og semiotiske ressursar i 1949 svar og kommentarar på «Nordnorsk debatt» under valkampen 2017. For det andre har undersøkinga sett korleis dei ortografiske avvika, dei dialektale innslaga og piktogramma er fordelte i samtalar om ulike tema og starta av ulike innleiarar. Dei ortografiske avvika er det vanlegaste av dei tre trekka i undersøkinga: 54 prosent av ytringane har forkorta ord, eller dei har teikn, store eller små bokstavar som vik av frå ein av rettskrivingsnormalane. Signifikant fleire ortografiske avvik har ytringane om innvandringspolitikk og helse- og omsorgspolitikk. Tre andre tema har signifikant færre ytringar med ortografiske avvik.: Finanspolitikk, næringspolitikk og samepolitikk. Dialekt er det minst hyppige av dei tre trekka i undersøkinga. 7 prosent av ytringane skil seg frå ein av rettskrivingsnormalane på ein måte som truleg skriv seg til talemålet til språkbrukaren. To tema med signifikant fleire dialektytringar er arbeids- og sosialpolitikk og distriktspolitikk. Signifikant færre dialektytringar finn ein i samtalar om forsvarspolitikk. 15 prosent av ytringane i materialet har minst eitt piktogram. Det er signifikant fleire ytringar med piktogram på «Nordnorsk debatt» når innvandring eller valanalyse er tema. I samtalane om næringspolitikk og helse- og omsorgspolitikk er det signifikant færre ytringar med piktogram. Ein detaljstudie i dei ortografiske avvika tyder på at dei blir mykje brukt for å dempe prosodien i ytringa. Det kan sjå ut som at språkbrukarane først og fremst brukar dei ortografiske avvika som eit språkleg verkemiddel for å vise seg som ein roleg debattant som er open for både førre og neste talar. Ein liknande funksjon kan mange av piktogramma i materialet ha. Desse små teikningane kan vere eit verktøy for å presisere, klassifisere eller gi riktig styrke til den illokusjonære språkhandlinga, ofte med den effekten at ytringa blir oppfatta meir dempa eller vennleg. Undersøkinga kan derfor dempe noko av den kriseforståinga som pregar ordskiftet rundt politiske debatt på Facebook. På den andre sida kan den låge delen ortografiske avvik i diskusjonane om samepolitikk tolkast kritisk. Desse språkhandlingane kan indeksere at ein vil vere lojal til eller favorisere det norske språket framfor det samiske. I så fall brukar debattantane dette språktrekket for å styrke hegemoniet til norsk over samisk. Ei slik konfliktorientert gruppetenking kan ligge bak også den høge delen dialektytringar om distriktspolitikk i materialet. Dette språktrekket kan komme frå ei gruppe som opplever og uttrykker motstand mot avgjerder frå nasjonale politikarar. I så fall er det den politiske sentrum-periferi-aksen som får eit språkleg uttrykk på «Nordnorsk debatt». Eit anna punkt til ettertanke er korleis språkbrukarane i undersøkinga ser ut til å opptre ulikt i samtalar alt etter kven som startar dei. Når privatpersonar startar dei digitale, politiske samtalane, får diskusjonen blant anna signifikant fleire ytringar med piktogram enn dei som blir innleia av andre. I desse samtalane brukar språkbrukarane også signifikant kortare tid etter førre ytring før dei har produsert og publisert si eiga. Forklaringa på dette kan vere at språkbrukarane er vane med eller føretrekker ein meir synkron og nær samtale med privatpersonar. Samtalar som er innleia av redaksjonelle medarbeidarar ser det derimot ut til å vere prega av atterhald. Dette kan vere eit uttrykk for eit asymmetrisk forhold mellom kommentatorar, leiarar og journalistar på den eine sida av samfunnsdebatten og andre språkbrukarar på den andre.en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/17801
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten_US
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen_US
dc.rights.accessRightsopenAccessen_US
dc.rights.holderCopyright 2019 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/4.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0)en_US
dc.subject.courseIDNOR-3920
dc.subjectVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018en_US
dc.subjectVDP::Humanities: 000::Linguistics: 010::Nordic languages: 018en_US
dc.subjectCMCen_US
dc.title«Mye tøv du skriv». Språklege og semiotiske ressursar i politisk CMCen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0)
Med mindre det står noe annet, er denne innførselens lisens beskrevet som Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0)