Vegen til toppfotballen. Ein studie av spelarutvikling på norske toppfotballspelarar
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/22174Date
2021-05-14Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Kannelønning, ToreAbstract
I denne masteroppgåva har eg sitt på kva delar av miljøet rundt den norske toppfotballspelaren som har vore viktig for å ha nådd norsk toppfotball for menn og kvinner. Eg har brukt ein holistisk økologisk tilnærming. Ei slik tilnærming gjer at det er mogleg å sjå etter og finne komponentar som enten påverkar toppfotballspelaren eller miljømessige suksessfaktorar. Talentutviklingsmiljø-modellen og Miljøsuksess-modellen til Kristoffer Henriksen (2010), vart nytta som teorigrunnlag. Tidlegare forsking har vist at det ikkje går an å spå kven som lukkast basert på talent, men at det er meir enn bare talentet som tilseier dette (Carlson, 1988). I masteroppgåva har eg gjennomført ein kvalitativ studie med åtte semi-strukturerte intervju med fire menn og fire kvinner, som til dagleg spelar i ein klubb frå Eliteserien og Toppserien. Klubbane var ulike. Intervjua vart analysert ved hjelp av Aksel Tjora (2021) sin stegvis-deduktiv induktiv metode. Eg fann ut at følgande komponentar i miljøet hadde vore viktige i fotballkarrieren for fleire av toppfotballspelarane: Familie, skule: Vidaregåande skule, klubb, lag, lagkameratar/venner, trenar, organisasjon: Norges Fotballforbund og føresetnadar i klubb i form av ressursar. Det var heller ingen klare skilnadar mellom menn og kvinner. Sjølv om dette var viktige komponentar i miljøet for å nå toppfotballen, så viser studien min også at ikkje alle hadde gått den same vegen for å bli ein norsk toppfotballspelar. På bakgrunn av dette kjem det fram at ikkje alle disse komponentane er like viktig for den enkelte toppfotballspelaren. Det var altså fleire måtar og vegar å gå for og lykkast til og bli ein norsk toppfotballspelar.
Publisher
UiT The Arctic University of NorwayUiT Norges arktiske universitet
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2021 The Author(s)
The following license file are associated with this item: