Kvalitet i oppfølging og behandling av HIV-positive i nord.
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/2333Date
2009-11-01Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Halsør, Runa Margret SægrovAbstract
Samandrag
Formålet med oppgåva er å gjennomføre ein studie som måler kvaliteten på oppfølginga som dei Hiv-positive pasientane får på UNN ved å sjå på korleis sjukdomsutviklinga til pasientane har vore og kva behandling dei har fått. I tillegg blir ein del statistiske og demografiske data om pasientpopulasjonen samla og presentert som eit heile, det er fyrste gongen denne type opplysningar blir samla og systematisert.
Prosjektet vart gjennomført som ein kvantitativ studie der opplysningar vart samla inn frå journalane til alle HIV-positive pasientar som har vore innom infeksjonsmedisinsk poliklinikk på UNN, Tromsø.
Materialet bestod av 143 pasientar. 70 % av dei er ikkje fødde i Noreg, innvandrarar frå Afrika utgjer den største gruppa. I motsetning til på landsbasis kor 31% er homofilt smitta, utgjer homofile bare 5% av dei hiv-positive pasientane i Nord-Noreg.
102 pasientar hadde fått antiretroviral behandling. Nytter ein kvalitetsindikatorar henta frå eit kvalitetsregister i Sverige, konkluderer denne studien med at oppfølginga dei hiv-positive pasientane får på UNN er god. Effekten deira av medikamentell behandling derimot ikkje tilfredsstillande. Den viktigaste årsaka til det ser ut til å vere dårlig medikamentetterleving, for å betre denne må behandlarar og pleiarar jobbe meir pedagogisk med pasientane for å motivere dei og auke kunnskapen deira om medikamenta. Resistens mot antivirale medikament og kombinasjonen av resistens og dårlig medikamentetterleving er og årsak til at nokre pasientar ikkje har venta effekt av behandlinga.
Hos 11 pasientar er det påvist resistens mot antivirale medikament. 45% av pasientane som står på antiretroviral behandling har ein eller har ein hatt høve til å utføre resistensbestemming, likevel har det ikkje blitt gjort. Her kunne ein tenkje seg mange pasientar ville ha betre effekt av medisinane sine om ein gjorde fleire resistensbestemmingar.
Publisher
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2009 The Author(s)
The following license file are associated with this item: