Målreising i Nord-Noreg 1898-1940. Organisering av målstriden og striden for skolemålet
Author
Lockertsen, RogerAbstract
Hovudoppgåva er ein analyse av utviklinga av skolemålet i Nord-Noreg – nynorsk eller bokmål som første opplæringsmål i grunnskolen – fram til 1940. Etter rettskrivingsendringane av 1917 og 1938 måtte skolebøkene kjøpast i ny rettskriving. Særleg i Nordland og Troms vedtok mange skolestyre å skifte målform til nynorsk. Etter lova skulle det vere folkerøysting først, men oppmøtet var ofte lågt, og skolestyra stod då fritt.
Oppgåva presenterer og analyserer òg organiseringa av arbeidet for nynorsken i landsdelen. Det blei både drive av mållag og ungdomslag. Eit eige målkontor for landsdelen, Hålogaland målkontor, samordna arbeidet.
Eit stort kjeldemateriale frå aviser og arkiv er presentert.
Publisher
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Show full item recordCollections
The following license file are associated with this item: