Vi må halde kontakten med russiske akademikarar og intellektuelle
Forfatter
Nesset, ToreSammendrag
«Eit kvart folk, og særleg det russiske, vil klare å skilje ekte patriotar frå avskum og
forrædarar og kjem ganske enkelt til å spytte dei ut som eit insekt som tilfeldigvis har hamna
i munnen.»
Med disse orda vende den russiske presidenten seg til folket i Russland for nokre dagar sidan. Språket er grovt, og meldinga er klar: Har du kontakt med vesten, skal det gå deg ille.
Krigen i Ukraina har til fulle vist kva slags regime vi har i vårt største granneland. Russland er styrt av menneske som har rana til seg store verdiar frå folket, og som ikkje skyr noko middel i den blodige krigen dei har sett i gang.
I ein slik situasjon er det forståeleg at somme tar til orde for å kutte alt samarbeid med Russland. Eg vil argumentere for at det ikkje er klokt. Eg vil nytte forsking som døme, for det er eit område der eg sjølv har erfaring.
Beskrivelse
Sitering
Nesset t. Vi må halde kontakten med russiske akademikarar og intellektuelle. Nordnorsk debatt - Nordlys. 2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2022 The Author(s)