Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorÅse, Georg
dc.date.accessioned2023-02-01T09:20:02Z
dc.date.available2023-02-01T09:20:02Z
dc.date.issued2004
dc.description.abstractOppgåva føyer seg inn i rekka av hovudoppgåver om utvandringa frå dei nordnorske byane, der undersøkingar både frå Vadsø, Vardø og Tromsø er representerte frå før. Arbeidet medverkar såleis til ei komplettering av prosjektet med å utforske den transatlantiske emigrasjonen frå byar og tettstader i Nord-Noreg, som særleg professor Einar Niemi ved universitet i Tromsø har vore eksponent for.<p> <p>I analysen av utvandringa frå Hammerfest har særleg den etniske dimensjonen blitt fokusert, og i årsaksforklaringa har trekk ved både den økonomiske, politiske og kulturelle moderniseringa i prestegjeldet i undersøkingsperioden blitt aktivisert. I praksis tar undersøkinga opp utvandringa frå Hammerfest i relasjon til den demografiske utviklinga, urbaniseringa og framveksten av eit næringsliv knytt til fiskeeksport, selfangst og sjøfart i den vesle ishavsbyen i Vest-Finnmark. At ein stor del av emigrantane frå Hammerfest var av kvensk opphav, har dessutan gjeve grunnlag for eit kulturanalytisk aspekt ved undersøkinga der både minoritetspolitiske og religiøse faktorar har blitt drege inn i forklaringa av utvandringa.<p> <p>Utvandringa frå Hammerfest var som elles i byane i Finnmark, stor i dei mest intensive periodane på 1870- og 1880-talet. Men på grunn av stor innflytting og høg fertilitiet vart folketalsauken i byen enda større enn utvandringa i heile undersøkingsperioden. Utvandringa fekk såleis ikkje dramatiske konsekvensar for økonomien eller folketalsutviklinga. Ein kan heller hevde at ho var med på å stabilisere utviklinga og fungerte som ein trygginsventil for samfunnet då nedgangskonjukturane meldte seg i næringslivet på midten av 1870-åra.<p> <p>Den kvenske befolkninga var overrepresentert blant utvandrarane frå Hammerfest. Undersøkinga viser at Hammerfest i betydeleg grad verka som ein mellomstasjon for mange kvenar og nyinnflytta innvandrarar frå Finland. I Hammerfest fann mange av dei arbeid i t. d. fangstnæringa og tranproduksjonen, og kunne såleis legge seg opp pengar til Amerikabillett. At mange kvenar drog til Amerika skyldes mellom anna det presset som fornorskingspolitikken utsette dei for, men også at denne folkegruppa i stor grad heldt fast på den kvenske idntiteten og var organisert på eit vis, ikkje minst gjennom den læstadianske vekkingsrørsla som hadde sterkt fotfeste i Hammerfest. Dette gav eit sterkt nettverk som strekte seg over Atlanerhavet.
dc.descriptionHovudoppgåve i historie våren 2004en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/28455
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversitetet i Tromsøen_US
dc.publisherUniversity of Tromsøen_US
dc.rights.accessRightsopenAccessen_US
dc.rights.holderCopyright 2004 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)en_US
dc.titleModernisering, etnisitet og emigrasjon. Utvandringa frå Hammerfest prestegjeld til Nord-Amerika 1865 - 1925en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)
Med mindre det står noe annet, er denne innførselens lisens beskrevet som Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)