Truar skilnadene i tilvisingsratar målet om likeverdige helsetenester?
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/29624Date
2011-10-04Type
Journal articleTidsskriftartikkel
Peer reviewed
Abstract
MATERIALE OG METODE - Med utgangspunkt i data frå Norsk pasientregister og journalsystemet DIPS for 2009 har vi samanlikna alders- og kjønnsjusterte forbruksratar på kommunenivå, saman med ujusterte tilvisingsratar til spesialisthelsetenesta på kommune- og enkeltlegenivå.
RESULTAT - Det var store skilnader i forbruk mellom kommunane både i kontaktratar og DRG-poeng. Skilnaden mellom kommunen med høgaste og lågaste forbruk var om lag 90 DRG-poeng per 1 000 innbyggjarar. Kommunen med det høgaste forbruket brukar 36 DRG-poeng per 1 000 innbyggjarar i året meir enn gjennomsnittet for Sogn og Fjordane. Ei nøyare samanlikning av tre kommunar med ulikt forbruk viser store og samanfallande skilnader i tilvisingsratar mellom kommunane og mellom enkeltlegar.
TOLKING - Det høge og sprikande kommunale forbruket av spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane ser ut til å ha samanheng med tilsvarande høge og enno meir sprikande tilvisingsratar frå primærlegar i dei same kommunane.