Sammenheng mellom risiko bedømt ut fra primær henvisning til koronar angiografi og angiografifunn hos pasienter som får påvist alvorlig kransåresykdom og som henvises til kirurgisk revaskularisering
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/3581Date
2010-09-15Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Undheim, LarsAbstract
Oppgåva har bakgrunn i ein mistenkt minska terskel for undersøking med koronar angiografi seinare år, og har hatt som mål å gå igjennom primærhenvisningane til koronar angiografi hjå dei pasientane som i 2007 fekk kirurgisk revaskularisering etter elektiv koronar angiografi. Me ville finna ut i kor stor grad det fins primærhenvisningar til elektiv koronar angiografi med svak indikasjon for slik undersøking hjå pasienter som likevel viste seg å ha alvorleg koronarsjukdom. Dette vil delvis gje eit grunnlag for vurdering av kva nivå ein bør leggja seg på i vurderinga av henvisningar til koronar angiografi. Studien var ein retrospektiv gjennomgang av primærhenvisningane til elektiv koronar angiografi der 183 pasientar vart innlemma i studien. Ein samla data om risikofaktorar, symptomer og resultat av belastnings-EKG. Kvar henvisning vart scora etter objektive kriterier, og vurdert med hensyn på indikasjon for angiografi. Konklusjonen er at ingen av henvisningane i denne studien var av ein slik karakter at det var overraskande at pasienten hadde alvorleg koronarsjukdom og vidare behov for kirurgisk revaskularisering. Ut frå dette materialet ser det ut til at ein kan heva terskelen for elektiv koronar angiografi utan at man risikerer å ”miste” pasienter med alvorlig kransåresjukdom og dokumentert prognostisk gevinst av revaskularisering.
Publisher
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2010 The Author(s)
The following license file are associated with this item: