dc.contributor.advisor | Wærp, Lisbeth | |
dc.contributor.author | Moen, Karina | |
dc.date.accessioned | 2012-10-29T08:04:25Z | |
dc.date.available | 2012-10-29T08:04:25Z | |
dc.date.issued | 2012-05-15 | |
dc.description.abstract | I dei fleste norske litteraturhistorier blir Astrid Hjertenæs Andersen omtala som ein av dei viktigaste etterkrigsforfattarane saman med mellom anna Paal Brekke og Gunvor Hofmo. Samstundes blir det like ofte nemnd at ho har ein tendens til å bli litt borte i skuggene. Ikkje mange av dikta hennar blir lesne i dag, og berre nokre få av diktsamlingane blir omtala som betydelege. Vidare blir ho gjerne kritisert for å vere høgstemd, konvensjonell og klisjéaktig. I denne avhandlinga undersøker eg forholdet mellom ekfrase og poetologi i Astrid Hjertenæs Andersens lyriske forfattarskap i eit forsøk på ei nylesing som kan nyansere desse oppfattingane. Ekfrasen er ein modus ho ofte nyttar seg av, og på mange måtar blir desse dikta punkt som tener til å oppsummere den overordna poetologiske praksisen i forfattarskapen. Problemstillinga kring relasjonen mellom ord og bilete er høgaktuell i det særs utvikla mediesamfunnet vi ser i dag, og dei ekfrastiske og inter- og intratekstuelle sidene ved Astrid Hjertenæs Andersens forfattarskap gjer at det er på høg tid at ho får trå fram frå skuggene. | en |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/4579 | |
dc.identifier.urn | URN:NBN:no-uit_munin_4308 | |
dc.language.iso | nno | en |
dc.publisher | Universitetet i Tromsø | en |
dc.publisher | University of Tromsø | en |
dc.rights.accessRights | openAccess | |
dc.rights.holder | Copyright 2012 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0) | en_US |
dc.subject.courseID | NOR-3910 | en |
dc.subject | VDP::Humaniora: 000::Litteraturvitenskapelige fag: 040::Nordisk litteratur: 042 | en |
dc.subject | VDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042 | en |
dc.title | "Tegnets tilsynekomst" : ekfrase og poetologi i Astrid Hjertenæs Andersens lyrikk | en |
dc.type | Master thesis | en |
dc.type | Mastergradsoppgave | en |