Undervisning av globale klimaendringar
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/4641Dato
2012-11-05Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Netland, Kjell ØysteinSammendrag
Denne masteroppgåva beskriv korleis naturfaglærarar underviser i temaet globale klimaendringar på Vg1-nivå i vidaregåande opplæring, og kva utfordringar dei møter i denne undervisninga.
Studien bruker metodetriangulering og kombinerer dei kvalitative metodane fokusgruppeintervju og observasjon med ei kvantitativ spørjeskjemaundersøking. Fokusgruppeintervjua danna grunnlaget for utarbeidinga av spørjeskjemaet og spørjeskjemaundersøkinga er hovudmetoden. Fire lærarar deltok på to fokusgruppeintervjua og 25 av 39 naturfaglærarar i Troms fylke svarte på spørjeskjemaet.
Resultata viser at lærarane meiner at undervisningsmetodar som fokuserer på munnleg aktivitet og samarbeid mellom elevane er godt eigna til å undervise om globale klimaendringar. Lærarane er delt i synet på om det i naturfag er viktigare å undervise det klassiske faginnhaldet i fysikk, kjemi og biologi, i staden for å trekke inn koplingar mot politikk, etikk og holdningar. Oppgåva argumenterer for å inkludere dei tverrfaglege perspektiva på klimaendringar i undervisninga, og det er eit stort potensiale for å auke bruken av tverrfaglege samarbeid mellom ulike skulefag i vidaregåande opplæring. Alle lærarane meinte dei hadde eit behov for å utvikle sine kunnskapar om klimaet. Andre utfordringar i undervisninga var at elevane har misoppfatningar knytt til forståinga av ozonlaget og drivhuseffekten. Derimot at det eksisterer ulike syn på kor menneskeskapte klimaendringane er, synast ikkje å vere eit stort problem blant lærarane i mitt utval.
Oppgåva konkluderer med at det trengst eit auka fokus på utviklingsarbeid på den enkelte skule og vidareutdanning av naturfaglærarar.
Forlag
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2012 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: