Kjønnskvotering som positiv særhandsaming etter likestillingsloven, EØS-retten og kvinnekonvensjonen
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/4703Dato
2011-12-15Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Hanøy, Line Johanna LandaSammendrag
Kvinner og menn er ulikt representert i samfunnet i dag. Dette er tydeleg når det gjeld arbeid og sysselsetjing. Arbeidsmarknaden er delt både på det horisontale og det vertikale planet. Dette innber at det er ein sterk konsentrasjon av eit kjønn innan eit yrke eller innanfor stillingar med høgare og lågare ansvarsområde. Utgangpunktet er at usakleg forskjellshandsaming på grunnlag av kjønn ikkje er tillate. Positiv særhandsaming (bokmål: positiv særbehandling) opnar likevel for at eit kjønn som er underpriviligert innan det aktuelle området kan oppnå særskilte føremon som tar sikte på å betre stillinga deira. Denne oppgåva gjer greie for kjønnskvotering, både i moderat og radikal form, som eit slikt positivt føremon. Tilgangen til å setje i verk slike blir diskutert ut frå likestillingsloven § 3 a, Direktiv 2006/54/EF om likehandsaming (i tillegg til det gamle direktivet, direktiv 76/207/EØF) og EF-domstolen si rettspraksis på dette området. I tillegg blir positive særtiltak etter kvinnekonvensjonen drøfta.
Forlag
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2011 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: