"Dei beste dikt i verdi" : Olav H. Hauge og sonetten
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/4761Dato
2012-11-01Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Sture, Stefan AndreasSammendrag
Heile livet skreiv Olav H. Hauge sonettar, men berre 16 står på prent i Dikt i samling, som tilsaman inneheld drygt 400 dikt. Så det er ikkje i tal sonettane ruvar i forfattarskapen. Men overalt et Olav H. Hauge kjend som ein meister i sjangeren. Ein kan spørje seg korleis dette passer saman med at Olav H. Hauge er kjend som ein modernist som rørde seg bort frå dei tradisjonelle formane. Her skal vi prøve å sjå alle sonettane til Hauge under ei lupe og undersøke korleis de passar inn i forfattarskapen. Er dei framande fuglar, eller bidrar dei til å skape ein heilskap? Det blir ein etter måten stutt gjennomgang av sonetten si historie og av generell sonett-teori. Vi ser også på korleis Olav H. Hauge-resepsjonen har blitt farga av Jan Erik Vold. Alle Olav H. Hauge sine sonettar blir lesne og kommentert. Til slutt vonar eg å vise at sonettane er ein viktig del av forfattarskapen, som gjer at den blir heilstøypt og ikkje så tydeleg deilt inn i fasar som resepsjonen tradisjonelt skal ha det til.
Forlag
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2012 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: