Sammendrag
I denne oppgåva er det gjort ei etisk lesing av Jon Fosses roman Andvake (2007). Fokuset er særleg på tre stader i handlinga der det skjer drap. Drapa er delvis skjulte i teksten, og elliptisk skildra. Derfor blir det sett på korleis det likevel er hint om drapa i teksten, og kva slags verkemiddel som er brukt for å skildre drapa. Samstundes blir det sett på korleis ein kan forstå drapa i ein etisk samanheng, og kva etikken har å seie for korleis ein kan tolke romanen. Etikken blir tolka i lys av filosofane Emmanuel Levinas og Alain Badiou. Det blir også sett på stiliserande tendensar i romanen, og Juleevangeliet som intertekst i Andvake. Til slutt er det eit kapittel om didaktikk, om kvifor ein kan bruke Andvake i norsk skole.