Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBergh, Steffen
dc.contributor.authorHernes, Ingunn
dc.date.accessioned2014-06-06T10:54:20Z
dc.date.available2014-06-06T10:54:20Z
dc.date.issued2014-05-16
dc.description.abstractGravitasjonell reaktivering av pre-eksisterande kaledonske duktile svakheitsoner i tillegg til post-kaledonske sprø strukturar som truleg har vorte utløyst ved glasial avlasting like etter nedsmeltinga av isen under siste istid har truleg gitt opphav til skråningsdeformasjonen og utviklinga av det ustabile fjellpartiet Indre Nordnes. Skredområde Indre Nordnes er initierande tektonisk styrt der ibuande svakheitssoner i bergrunnen har vorte reaktivert ved gravitasjon. Utvikling av eit djuptgåande hovudglideplan langs den VNV-ØSØ strykande post-kaledonske forkastninga (sideskrenten) har truleg vorte initiert langs bratte foliasjonsplan tilhøyrande ei duktil kaledonsk skjærsone der planet til den NNV-SSØ strykande forkastninga (bakskrenten) terminera ned mot hovudglideplanet og gir følgjelig ein bevegelse i retning SSV av blokka/terrassen i skredområde. I tillegg til hovudglideplanet er det subsidiære glideplan danna ved sprekkeforplanting nedover i bergrunnen som terminera ned mot hovudglideplanet indikert ved bevegelse i forkant av skredområde i retning VSV. Utgang av sjølve glideplanet langs skråninga er tillate av den subhorisontale foliasjonen. Det er stor sannsynlegheit for at skredområde Indre Nordnes vil rase ut som ein større einskap ettersom blokka er avgrensa av to djuptgåande steile forkastningar som har gitt opphav til eit djuptgåande glideplan. Dersom skredområde utviklar seg til eit fullverdig fjellskred vil det kunne få konsekvensar for menneskje som har busett seg langs Lyngenfjorden ettersom skredmassane truleg vil gå ut i fjorden og følgjelig generere ei tsunamibyglje. Mindre utrasingar ved steinsprang vil kunne påverke trafikksambandet langs E6 og lokalbefolkninga direkte. Den stabile bevegelsen av saktegåande kryp stadfester at det ustabile fjellpartiet ved Indre Nordnes pr. dags dato er stabilt. Likevel er vidare overvaking nøysamt ettersom utvikling av fjellskred ved Indre Nordnes kan få konsekvensar. For å få utviklinga av fjellskred ved Indre Nordnes må ein få utvikla eit fullverdig glideplan der drivande krefter overgår friksjonskreftene slik at bevegelsen av saktegåande kryp går over til gliding og utviklinga av fjellskred.en
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10037/6354
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_5993
dc.language.isonnoen
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.subject.courseIDGEO-3900en
dc.subjectVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Geofag: 450en
dc.subjectVDP::Mathematics and natural science: 400::Geosciences: 450en
dc.titleFjellskred ved Indre Nordnes, Nordnesfjellet, Lyngen, Troms - Berggrunnens indre struktur og bevegelsesmekanismer basert på strukturell analyse og overvakingsdataen
dc.typeMaster thesisen
dc.typeMastergradsoppgaveen


Tilhørende fil(er)

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel