Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHansen, Lars Ivar
dc.contributor.authorBerg, Sigrun Høgetveit
dc.date.accessioned2007-03-01T09:20:29Z
dc.date.available2007-03-01T09:20:29Z
dc.date.issued2004-06-11
dc.description.abstractDen katolske kyrkja bygde utover i mellomalderen opp eit avansert lovverk for alle type saker ho meinte høyrde henne til. Denne lovgjevinga blir felles omtala som kanonisk rett, og i samspel med den verdslege retten vart han ein integrert del av lovverket i dei kristne landa utover i høg- og seinmellomalderen. Lovgjevinga fekk sine lokale tilpassingar, og kristenrettsbolkane i dei gamle norske landskapslovene spende over ei rekkje ulike område. Det er dei sokalla "store" kristenrettssakene som handlar om kyrkjas bod og lære eg ser på i oppgåva; om ekteskap, ekte fødsel og seksuelle lovbrot. Desse kristenrettssakene har konsekvensar for både høg og låg i samfunnet, og dei heng særleg saman av di dei ofte både reiser og svarar på spørsmål omkring arv og eigedom – noko som er avgjerande for mellomaldermennesket si stilling og tilhøyrsle i samfunnet. Kva for motivasjon hadde ulike aktørar for å taka kristenrettssaker til tings og til torgs? Var det kyrkjelojalitet og religiøs overtyding eller kjærleik, politikk, arv og arbeid? Arv gjeld jord, og jord var ein knapp ressurs som utgjorde grunnlaget for dei materielle verdiane til mellomaldermenneska. Men kunne ynsket om nåde for det ævelege livet vera sterkare enn verdslege ynske i dette livet? Korleis reagerte folk når desse verdiane kom i konflikt med einannan? Gjorde dei absolutte val, eller manøvrerte aktørane på ein mellomveg der det kunne takast omsyn til både det åndelege og materielle? Synet på kyrkja si rolle i samfunnet vil spela inn på korleis ein vurderer dei ulike aktørane sitt manøvreringsrom mellom desse verdiane – mellom dei religiøse påboda og dei verdslege handlingane. Var ho ei kyrkje med pålegg og krav som styrde med hard hand ovafrå, eller ei kyrkje som søkte å imøtekoma behov nedafrå? Introduserte og utvikla kyrkja eit fysisk og ideologisk organisasjonsapparat som gav tilbod om åndelege svar på det ho såg på som menneskas mest grunnleggjande behov, eller er det rettare å sjå kyrkja som ein sterk, sentralisert maktutøvar som med påbod pressa sine institusjonar, reglar og ideologiar nedover folk? Kyrkja utvikla seg både i strid og samarbeid med det verdslege samfunnet i mellomalderen, og mange av vegvala, både for henne og statsmaktene, var resultat av kompromiss. Når kyrkja samlar seg om doktrinane og dogma sine, og kanonisk rett blir vidareutvikla, kan det verke som kyrkja strammar til grepet utover i perioden. Dei lovregulerte kristenrettsbrota blir fleire og fleire, og det kjem detaljerte reglar for korleis dei skal oppsøkjast og straffast. Men kyrkja mistar samstundes ein del av det økonomiske fundamentet sitt etter svartedauden, og i rettsutøvinga ser me korleis kyrkja korkje har eineveldig domsmynde eller ubetinga suksess med å få syndesåline til å fylgje Jesum krist. Men i staden for å setja opp ein motsetnad og prøve mæle styrken til kyrkja andsynes samfunnet, må ein sjå det som to sider av same sak. Kyrkja styrkjer seg av di hennar tankar og institusjonar breier seg ved at folk brukar henne, men denne individualiseringa gjer samstundes at folk utover i seinmellomalderen frigjer seg frå henne ved ei pragmatisk tilpassing til dogma. Skriftlegheit er både føresetnad og konsekvens av dette, demokratisering likeso. Bruken av det pavelege Pønitensiariatet er eit klart seinmellomaldersk trekk, og eit døme på den demokratiseringa som går føre seg ved at fleire og breiare lag tok i bruk europeiske varer, idear og institusjonar. Kvifor vart kristenrettssaker tekne til tings og til torgs? Jo, av di aktørane ynskte seg arv og arbeid, men òg av di kyrkja, gjennom kristenrettane, gav dei høve til å fremja sakene sine innanfor åndelege rammer.en
dc.descriptionDette er en hovedoppgave.en
dc.format.extent1665781 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/649
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_439
dc.language.isonnoen
dc.publisherUniversitetet i Tromsøen
dc.publisherUniversity of Tromsøen
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2004 The Author(s)
dc.subjectVDP::Humaniora: 000::Historie: 070::Middelalderhistorie: 081en
dc.subjectsenmiddelalderen
dc.subjectkristenretten
dc.subjectNorgeen
dc.subjectmellomalderen
dc.subjectkyrkjehistorieen
dc.subjectkanonisk retten
dc.titleKristenrettspraksis i norsk seinmellomalderen
dc.typeMaster thesisen
dc.typeMastergradsoppgaveen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel