Show simple item record

dc.contributor.advisorJohansson, Ann-Marlene
dc.contributor.authorRimstad, Åsta
dc.date.accessioned2015-05-08T10:36:44Z
dc.date.available2015-05-08T10:36:44Z
dc.date.issued2015-04-23
dc.description.abstractAvhandlinga undersøker føresetnadar for arbeid med samansette samtidsuttrykk i kunst og handverksfagets undervisningspraksis. Den tek for seg kva betyding eksisterande tankesett, omgrep, kvalitetsforståingar og vurderingskriterium har i den fagdidaktiske praksisen. Studien kastar òg lys over korleis eksisterande fagideologiar og institusjonelle mønster påverkar bestemmingar og forståingar av skapande prosessar. Det har vore lite forsking kring produksjonssida ved installasjonar. Det er difor eit mål å få auka kunnskap om korleis skapande prosessar med installasjonar kan gå føre seg. Som empiri blir det dels brukt djupneintervju av lærarar som har undervist i samtidskunstuttrykk, og dels to undervisningsopplegg der studentar skaper installasjonar. Studentanes prosessar blir studert utifrå eit sosialsemiotisk-, sosiokulturelt- og multimodalt perspektiv, der forsking kring materialitet og immaterialitet og installasjonskunsten som genre blir kopla inn. Studien sekvenserar studentanes prosessar og studerer desse på mikronivå. Mikroanalysane dokumenterer korleis studentar bruker modalitetar, komposisjonelle prinsipp og verkemiddel for å skape teikn og meining i arbeid med installasjonar. Analysane fokuserer på kva ressursar som blir brukt for å tolke, bearbeide, transformere og skape teikn og meining i installasjonar. Studien undersøker òg kva betyding opplevings og erfaringsaspektet har i dei skapande prosessane. Studentane gjorde bruk av fortellande element der modalitetane i større grad fungerte som allegoriar. I installasjonane fekk den enkelte modalitet fyrst teikn- og meiningsfunksjon i samanstillinga og i samspelet med dei andre modalitetane. Studentanes erfaringar var ein kombinasjon av sansing og erkjenning. I prosessane fungerte denne kombinasjonen som eit bindeledd mellom det materielle og det immaterielle. Resultata viser til meir samtidskunstnariske og multimodale måtar å tenke, snakke og handle kring skapande prosessar. Resultata viser òg potensialet til ein samtidskunstnarisk literacy innanfor kunst og handverksfagets undervisningspraksis.en_US
dc.description.doctoraltypeph.d.en_US
dc.description.popularabstractAvhandlinga undersøker føresetnadar for arbeid med samansette samtidsuttrykk i kunst og handverksfagets undervisningspraksis. Gjennom to undervisningsopplegg blir studentars arbeid med installasjonar studert utifrå eit sosialsemiotisk-, sosiokulturelt- og multimodalt perspektiv. Studien undersøker kva ressursar som blir brukt for å tolke, bearbeide, transformere og skape teikn og meining i installasjonar. Resultata viser at studentane gjorde bruk av fortellande element der modalitetane i stor grad fungerte som allegoriar. I installasjonane fekk den enkelte modaliteten fyrst teikn- og meiningsfunksjon i samspelet med dei andre modalitetane. Studentanes erfaringar var ein kombinasjon av sansing og erkjenning. I prosessane fungerte denne kombinasjonen som eit bindeledd mellom det materielle og det immaterielle. Resultata viser òg potensialet til ein samtidskunstnarisk literacy innanfor kunst og handverksfagets undervisningspraksis.en_US
dc.description.sponsorshipHøgskolen i Telemarken_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/7658
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_7248
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten_US
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen_US
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2015 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)en_US
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280en_US
dc.subjectVDP::Social science: 200::Education: 280en_US
dc.titleTeikn- og meiningsskaping i studentars arbeid med installasjonar.en_US
dc.typeDoctoral thesisen_US
dc.typeDoktorgradsavhandlingen_US


File(s) in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)
Except where otherwise noted, this item's license is described as Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)