Transportmåte og tidsbruk før avgjersle om trombolyse for pasientar med hjerneslag ved UNN Tromsø
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/9471Åpne
MED-3950 5.årsoppgåva – Profesjonsstudiet i medisin ved Universitetet i Tromsø (PDF)
Dato
2016-06-01Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Hareide, Siri Johanne ØyenSammendrag
Hjerneslag rammar om lag 15 000 menneske i Noreg kvart år og sjukdomen er den tredje vanlegaste dødsårsaken i Europa. På grunn av eldrebølgja i samfunnet vårt er det venta at insidensen vil stige i tida framover. I dei seinare åra har hjerneslag gått frå å vere ein sjukdom som har fått lita akuttmedisinsk merksemd, til å verte ein viktig tidskritisk tilstand der tidsnok behandling gjer stor skilnad for det vidare livet til pasienten.
For å finne moglege betringspotensial tok studien sikte på å vise tidsbruk frå symptomdebut til trombolyse ved Universitetssjukehuset Nord Noreg Tromsø sitt nedslagsfelt, kartleggje kor mykje av tidsbruken som skuldast pasienten, kor mykje som går med til transport til sjukehus og tid frå ankomst sjukehus til trombolysebehandlinga vert gjeven. Vi ville undersøkje kvar pasientane oppheldt seg ved symptomdebut og analysere om alternativ transport (med ambulansehelikopter/ambulansebil) ville medført forskjellig transporttid med moglege konsekvensar for behandlingsalternativ.
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2016 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: