Show simple item record

dc.contributor.authorPilskog, Frode Håvard
dc.date.accessioned2006-09-06T10:14:29Z
dc.date.available2006-09-06T10:14:29Z
dc.date.issued2000-10-12
dc.description.abstractI følgje kulturminnelova er eit kulturminne "alle spor etter mennesklig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til". Oppgåva vil dermed drøfte ulike meiningsinnhald som kulturminna vert gjevne og korleis desse vert nytta. Oppgåva er avgrensa geografisk til Ulstein kommune med omeign i Møre og Romsdal. Materialet vart produsert gjennom ustrukturerte intervju og arkivsøk i både arkeologiske arkiv og ulike aviser. Drøftingane går særskilt inn på tre saker som vert nytta som døme. I det første dømet står ein ovanfor ei sterk og spanande forteljing som det er vanskeleg å knyte til noko særskilt kulturminne og kulturmiljø. Her syner ein korleis forteljinga frå vikingtid vert nytta for å få folk til å identifisere seg med nasjonale verdiar. Det andre dømer syner striden kring eit nyare tids kulturminne, d.v.s. ei sjøbud. Dei som vil rive ho og dei som vil verne sjøbuda har forskjellig syn på kultur. Argumenta som vert nytta kan ein finne igjen frå kulturminnevernet, der dei som vil rive meiner sjøbuda har litan "antikvarisk" verdi, medan dei som vil verne ho framhevar korleis sjøbuda har vore nytta og kva ein kan lære av dei som har arbeidd her tidlegare. Det tredje dømet fokuserer på eit automatisk freda kulturminne. Her ser ein på kva meiningsinnhald ei gravrøys vert gjeve og kvar segn og myte kan kome frå. Noko av meiningsinnhaldet som vert knytt til gravrøysa kan ein gjenkjenne som a) tidlegare tiders vitskap b) korleis landskapet vart nytta i området for fleire generasjonar sidan. Oppgåva syner at kulturminne vert gjeve eit meiningsinnhald og verdiar som til dels er annleis enn det arkeologar legg i dei same kulturminna. Kulturminne og miljøa dei inngår i, er ikkje berre eit vitskapleg materiale, men og ein del av levande menneske sine minne og stridsemne, og bør forvaltast deretter.en
dc.format.extent4843244 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/108
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_33
dc.language.isonoben
dc.publisherUniversitetet i Tromsøen
dc.publisherUniversity of Tromsøen
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2000 The Author(s)
dc.subjectVDP::Humaniora: 000::Arkeologi: 090::Nordisk arkeologi: 091en
dc.subjectIdentiteten
dc.subjectKulturminneen
dc.subjectUlsteinen
dc.subjectKulturvernen
dc.subjectArkeologien
dc.subjectNasjonalismeen
dc.titleKulturminne i Ulstein. Kva fortel dei om oss? Ei drøfting av kulturminnevern, identitet og nasjonalismeen
dc.typeMaster thesisen
dc.typeMastergradsoppgavenor


File(s) in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record