Fri og villig - ekstrarolleåtferd blant tilsette i Normisjon.
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/11241Dato
2017-05-15Type
Master thesisMastergradsoppgave
Sammendrag
Samandrag på norsk: Ekstrarolleåtferd viser til skjønnsmessig individuell åtferd som ikkje direkte eller eksplisitt er anerkjent av det formelle belønningssystemet, og som totalt set fremjar effektiv fungering i organisasjonen. Det kan vidare delast inn i sju dimensjonar: Hjelpsemd, sportsånd, organisatorisk lojalitet, organisatorisk medgjerlegheit, individuelt initiativ, felleskapsdyd og sjølvutvikling. I denne oppgåva blir det undersøkt om transformasjonsleiing, jobb-beriking og kognitiv evalueringsteori er relatert til ekstrarolleåtferd og om dei perspektiva kan forklare ei slik åtferd. Det empiriske materialet som er undersøkt er ei kvantitativt arbeidsmiljøundersøking blant tilsette i Normisjon i 2013. Normisjon er ein stor norsk misjonsorganisasjon, organisert i 13 regionar og eit hovudkontor i Noreg, samt med internasjonalt arbeid i 11 land. Undersøkinga hadde 235 respondentar (N), noko som var 79% av dei spurte. Oppgåva er ei reanalyse av eksisterande data, innsamla for eit litt anna og breiare formål. Dette er ei utfordring og har fordra eit viktig fokus på operasjonalisering og hypotesebygging i tråd med operasjonaliseringa. Frå dei sju dimensjonane fann me mål for hjelpsemd og organisatorisk lojalitet. Etter operasjonaliseringa, i lys av teori, blei data analysert i SPSS Statistics på jakt etter univariat deskriptiv informasjon og bivariate korrelasjonar. Trass utfordringar blei det gjort framsteg og støtte blei funnen for ein del av hypotesane, særleg dei som var knytt til organisatorisk lojalitet. -
Abstract in English:
Organizational Citizenship Behavior (OCB) refers to individual behavior that is discretionary, not directly or explicitly recognized by the formal reward system, and in the aggregate, promotes the efficient and effective functioning of the organization. It can be further broken down to seven dimensions: Helping behavior, Sportsmanship, Organizational Loyalty, Organizational Compliance, Individual Initiative, Civic Virtue and Self Development. In this paper, the authors examine whether Transformational Leadership, Vertical Job Enrichment and Cognitive Evaluation Theory can be associated with OCB and give plausible explanations for such behavior. The empirical data investigated here is a quantitative survey of work environment among employees in Normisjon in 2013. Normisjon is a large Norwegian organization for Christian mission, organized through 13 national regions and a central office, with both national and international involvement. The survey has a response-number (N) of 235, wich is a response-rate of 79%. The study is a reanalysis of existing data, gathered for a slightly different purpose. This fact has demanded a serious work on operationalization, and also revealed some blind, and unavailable, spots of knowledge due to the hypotheses. Out of the seven dimensions valid measures for Helping Behavior and Organizational Loyalty was found. Subsequent to operationalization of questions in relation to theories and hypotheses, data was processed through SPSS Statistics in search of univariate descriptive information and bivariate correlations. Despite the mentioned challenges, progress was made and knowledge acquired with convincing certainty. Some of the hypotheses were approved, especially the ones connected with Organizational Loyalty.
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2017 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: