«HLR-minus»-omgrepet som klinisk praksis og etisk problem i eit akuttmedisinsk system.
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/13738Dato
2017-09-08Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Oksavik, ErlendSammendrag
Bakgrunn: «HLR-minus» er ein medisinsk term som omfattar å ikkje starte gjenoppliving (HLR, hjarte-lungeredning) ved livlausheit. Hjå pasientar som på førehand sjølve har bestemt det, eller der gjenoppliving vert vurdert som fånyttes og eventuelt vil forlenge ein plagsam dødsprosess, kan behandlingsansvarleg lege fastsetje «HLR-minus»-status. Det er få studiar både på norsk praksis og helse-personell sine haldningar til «HLR-minus»-omgrepet, men litteraturen tydar på at Noreg har ein restriktiv bruk av dette samanlikna med andre vestlege land.
Material og metode: Studien er kvantitativ, basert på ei spørjeskjemabasert tverrsnittsundersøking blant eit utval helsepersonell og helsefagstudentar tilknytt UNN (Universitetssjukehuset i Nord-Noreg) og UiT (Universitetet i Tromsø, Noregs arktiske universitet). Spørjeundersøkinga vart gjennomført våren 2016. Statistiske utrekningar baserar seg på Chi-kvadrat T-test.
Resultat: Svarprosenten var 21 % (N = 265/1513). Av dei som hadde ei meining, svara 82 % (N = 177/215) at «HLR-minus» vert diskutert med for få pasientar, og hjå tilsette ved akuttavdelingar svara 91 % (N = 85/93) det same. Ein dryg fjerdedel av personell med pasientansvar oppgav ikkje å dokumentere «HLR-minus»-status i pasient-journalen (N = 60/221, 27 %). Ein tredjedel (N = 79/216, 37 %) svara at det ikkje i tilstrekkeleg grad er rutinar for å informere tilsette om kva for pasientar som har «HLR-minus»-status, og 42 % (N = 77/182) svara det tilsvarande om rutinar for informasjon til pårørande. Ein stor del av helsepersonell opplev ei plikt til å starte HLR på pasientar som får hjartestans der det ikkje på førehand er fatta eit «HLR-minus»-vedtak. Samla svara 90 % (N = 239/265) at dei i stor grad er opne for sjølve å få status som «HLR-minus», om dei som gamle vert alvorleg sjuke og innlagt på sjukehus.
Fortolking: Dagens praksis kring bruk av «HLR-minus» er ikkje tilfredsstillande kva angår frekvens i vurderingar, dokumentasjon og informasjonsflyt. Når vurderingar vert gjort, er dei tilsynelatande basert på dei faktorar som er anbefalt i retningslinjer. Helsepersonell ynskjer noko anna for seg sjølve, enn det dei tilbyr pasientane sine.
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Mastergradsoppgaver Helsefak [1278]
Copyright 2017 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: