Kyrkja på Tromsøya - ei brekkstong for kong Hans' Sverige-politikk?
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/17188Dato
2019Type
Journal articleTidsskriftartikkel
Forfatter
Berg, Sigrun HøgetveitSammendrag
Forholdet mellom konge og kyrkje – mellom kongemakt og kyrkjemakt – står sentralt i europeisk
historie mellomalderen igjennom, og i nord får me eit innhaldsrikt døme på ulike sider ved dette
forholdet gjennom striden om kallsretten til Tromsø-kyrkja på 1480-talet. Erkebiskop står mot konge,
norske interesser står mot danske, og partane må til slutt trekkje inn paven i Roma for å få ei avgjerd.
På 1400-talet var det nordlegaste Noreg mykje godt i erkebiskopens hender, og unionskongemakta
var sjeldan å sjå. Var difor striden om Tromsø-kyrkja eit generelt uttrykk for ei kongemakt som på ny
ønskte å engasjere seg sterkare i nordområda, eller kan det ha vore meir konkrete årsaker til at
Tromsø-kallet kom på den politiske dagsordenen?
Sitering
Berg SH. Kyrkja på Tromsøya - ei brekkstong for kong Hans' Sverige-politikk?. Haaløygminne : Håløygminne. 2019;100(2):324-332Metadata
Vis full innførsel
Copyright 2019 The Author(s)