Digitale seriar, sosiale rammer : ei studie av digitale teikneseriar frå eit brukarperspektiv
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/2029Dato
2009-05-15Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Solstrand, Olaf MoriartySammendrag
I denne avhandlinga har eg, ved hjelp av dokumentasjonsvitskapleg teori og metode, studert korleis digitale teikneseriar blir brukt i dag som sosiale og økonomiske dokument i utvikling, og kvifor dei blir brukt på denne måten. Eg argumenterer for at tidlegare teori om digitale teikneseriar har fokusert veldig mykje på teknologiske aspekt, og ser difor her på sosiale aspekt – korleis brukarane opplever mediet. I tillegg til bruk av eksisterande teori på feltet og observasjon av populære internetteikneseriar, er teksten basert på ei spørjeundersøking gjennomført blant norske internetteikneserielesarar i februar 2009. Teksten tar i hovudsak for seg tre aspekt av digitale teikneseriar: Kva slags seriar som er populære og kva som gjer desse populære, kva økonomiske løysingar som kan brukast for digitale teikneseriar, og haldningar til skjermbaserte teikneseriar – teikneseriar som er laga for skjerm og ikkje kan lesast på papir. Undersøkinga viser at brukaranes og serieskaparanes haldningar til digitale teikneseriar ikkje samsvarer med dei mange teoretikarar på feltet skisserer: Den store nyskapinga som skiljar digitale teikneseriar frå trykte teikneseriar er ikkje moglegheita til å lage store, skjermbaserte verk, men at alle har moglegheit til å lage, publisere og distribuere sine eigne teikneseriar utan at ein redaktør står mellom dei og lesarane. Dei mest populære teikneseriane er korte, gratis humorstriper, og mange av desse bruker ein humorstil som er så spesifikk at den berre fungerer på Internett. Digitale teikneseriar er ikkje lenger eit spekulativt framtidsmedium – det er ei høgst levande dokumentasjonsform som i si levetid har fått etablerte paradigme for kva brukarane ønskjer.
Forlag
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2009 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen:
Relaterte innførsler
Viser innførsler relatert til tittel, forfatter og emneord.
-
Digitale verktøy og grunnleggende digitale ferdigheter i samfunnsfag. En kvalitativ studie av samfunnsfaglæreres oppfatninger av digitale verktøy og digitale ferdigheter
Johansen, Lovise Tøllefsen (Master thesis; Mastergradsoppgave, 2016-05-16)Denne masteroppgaven fokuserer på digitale verktøy og digitale ferdigheter i samfunnsfag. Gjennom oppgaven er det forsøkt å belyse fordeler og ulemper som samfunnsfaglærere ser med dette i skolehverdagen. Besvarelsen forsøker å belyse hvordan man forstår begrepene ”digitale verktøy” og ”digitale ferdigheter” fra et lærerperspektiv. I dagens skole er temaer rundt IKT høyst aktuelle. Fokuset på ... -
Digitale ferdigheter som grunnleggende ferdighet i samfunnsfag. En kvalitativ studie om læreres forståelse av digitale ferdigheter og begrepets utvikling i samfunnsfaglige læreplaner
Lilleberg, Karoline (Master thesis; Mastergradsoppgave, 2019-05-13)I denne studien har jeg undersøkt digitale ferdigheter som grunnleggende ferdighet i samfunnsfag og undersøkelsen hadde som hensikt å bidra til forståelse av ferdigheten i faget. Studien har en kvalitativ tilnærming og gjennom dokumentanalyse av samfunnsfaglige læreplaner og intervju av lærere i samfunnsfag hadde jeg som mål å svare på følgende problemstilling: «Hvordan har tematikken digitale ... -
En gammel traver på digitale vinger: Ikaros eller Pegasus? Nordnorsk Magasin AS: En casestudie
Eriksen, Hilde Katrine (Master thesis; Mastergradsoppgave, 2016-06-01)Dette er en casestudie som tar utgangspunkt i min egen bedrift: Nordnorsk Magasin AS (NNM), som også driver Nordkalottforlaget. Som et lite magasin og forlag med kulturelle forpliktelser preges NNM av at globalisering og digitalisering har bidratt til endring av rammevilkårene i publiseringsindustrien. Ideen bak oppgaven var at NNM ville vinne på å digitalisere bøker og magasin, og å benytte digitale ...