«Bruk intuisjonen og fantasien» – ein analyse av kropps- og kunnskapssynet i Aadel Bülow- Hansen si fagutøving og norsk psykomotorisk fysioterapi
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/20504Dato
2020Type
Journal articleTidsskriftartikkel
Peer reviewed
Sammendrag
Metode: Kvalitativ tilnærming med opne intervju av tre ulike nestorar som kommenterer eit og same filmopptak av Bülow-Hansen i klinisk pasientarbeid.
Funn: Artikkelen presenterer funna i to tema: 1. Sansing og bevegelse i kommunikasjon og samhandling. 2. Klinisk kompetanse og resonnering. Informantane peika på eit tredimensjonalt syn på kroppen som biologi, erfarande og relasjonell, samt ein kunnskap som er kroppsleg og sanseleg fundamentert.
Konklusjon: NPMF er tufta på eit kropps- og kunnskapssyn, der den kroppslege, sanselege kunnskapen er integrert med teoretisk og teknisk kunnskap. Såleis let ikkje denne kunnskapen underordna seg kriteria for det som blir sett på som den beste kunnskapen i EBP-systemet. Heller representerer tradisjonen ei kompleks kunnskapsog kroppsforståing, og speilar kompleksiteten og det særeigne ved lidingane kvar enkelt pasient treng hjelp med.