dc.contributor.advisor | Morten, Bartnæs | |
dc.contributor.author | Skår, Maren | |
dc.date.accessioned | 2021-09-03T21:10:24Z | |
dc.date.available | 2021-09-03T21:10:24Z | |
dc.date.issued | 2021-05-14 | |
dc.description.abstract | Korleis går samhandlinga mellom lærar og elevar føre seg i ein revisjonsprosess? Formålet med dette masterprosjektet er å få meir kunnskap om handlingane og reaksjonane til lærarar og elevar i eit prosess- og revisjonsfokusert skriveforløp. Casestudien opnar for å sjå tekstmaterialet i lys av konteksten, og å sjå nærare på korleis undervisningsformer, roller og tekstideal kan ha påverka tilbakemeldings- og revisjonspraksisen.
Datamaterialet er henta inn i eit skriveprosjekt i ein klasse på mellomtrinnet der elevane over tre veker skreiv ei forteljing. Elevane fekk undervisning i sjangertrekk og verkemiddel, og blei instruert i korleis dei kunne å gi og ta i mot tilbakemeldingar som dei kunne nytte til revisjonsarbeid. Prosjektet blei avslutta med to rundar med skriftleg lærarrespons, i samsvar med innhald og samanheng, og rettskriving og andre formsaker. Elevtekstane og dei tilhøyrande tilbakemeldingane dannar empirien i prosjektet, og desse har blitt analysert for å finne ut kva som kjenneteiknar handlingane til partane og korleis dei samhandlar.
Analysen av tilbakemeldingane viser at lærarpraksisen både inviterer elevane til dialog om tekst, og er styrande gjennom spesifikke forslag og lukka spørsmålsformuleringar. Tilbakemeldingane syner eit tekstideal med fokus på utførlege skildringar, noko som mellom anna viser seg i at lærarkommentarane ikkje omfattar oppfordringar om å slette tekst. Elevane gjer relativt få eigeninitierte endringar, og revisjonane er tett knytt opp til responsen. Det er stor skilnad i elevgruppa når det gjeld mengde og kompleksitet i revisjonane. Medan nokre elevar klarar å følgje opp kommentarar godt, utfører andre berre små endringar eller unngår revisjonar. Årsaker til dette kan vere manglande forståing for språkbruken i eller intensjonen med lærarkommentarane.
Revisjonsprosessen er prega av at elevane har liten erfaring med revisjon, og at lærarane styrer revisjonshandlingane til elevane. Gjennom tilbakemeldingar forsøker lærarane å skape dialog gjennom å stille seg undrande til elevtekstane, men nokre stader kan fokuset på læringsprosess bli overskygga av ønsket om eit godt produkt.
| en_US |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/22399 | |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | UiT Norges arktiske universitet | en_US |
dc.publisher | UiT The Arctic University of Norway | en_US |
dc.rights.accessRights | openAccess | en_US |
dc.rights.holder | Copyright 2021 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/4.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0) | en_US |
dc.subject.courseID | LRU-3904 | |
dc.subject | Revisjonskompetanse | en_US |
dc.subject | Tilbakemelding | en_US |
dc.subject | Formativ vurdering | en_US |
dc.subject | Dialog | en_US |
dc.subject | Prosessorientert skriving | en_US |
dc.subject | Tekstideal | en_US |
dc.subject | Fagdidaktikk | en_US |
dc.subject | Fortelling | en_US |
dc.subject | VDP::Social science: 200::Education: 280 | en_US |
dc.subject | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280 | en_US |
dc.title | Revisjonsprosessen som eit samarbeidsprosjekt mellom lærar og elev: Ein kvalitativ studie om dialogen mellom lærarkommentarar og elevrevisjonar i eit skriveforløp | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.type | Mastergradsoppgave | en_US |