dc.description.abstract | Ein ønsker å gjere det ein vil på fritida – gjerne noko som ein meistrar og opplever glede ved
å gjere. Mange lågt presterande lesarar opplever verken meistring eller glede ved å lese, og
vel derfor bort lesing når dei ikkje må. Ved fråvære av lesing i sommarferien kan dei risikere
å tape fleire månaders leseutvikling. Og å lese fordi ein har lyst til det er noko av det som
utgjer den største skilnaden mellom høgt presterande og lågt presterande lesarar.
Føremålet med denne undersøkinga er forstå kva for faktorar som kan medverke til, samt vere
til hinder for, at lesekampanjen Sommerles kan tene som tiltak for ikkje nødvendigvis å
redusere spriket mellom dei høgt presterande og dei lågt presterande lesarane, men for først
og fremst å redusere tilbakegangen i, vidare halde ved like, og i beste fall vidare utvikle,
leseferdigheitsnivået hjå lågt presterande lesarar gjennom sommarferien.
Undersøkinga finn at kampanjen sin bruk av ytre stimuli, i form av premiar, samt forståinga
av lese- og tekstomgrepet, er av betydning. Vidare rettar undersøkinga lys på foreldra si rolle,
og framhevar betydninga av det å vekse opp i eit litteraturstimulerande miljø, samt det å ha
gode rollemodellar for litteratur og lesing. Samtidig som at lærarane òg sørger for det same,
har dei i tillegg ei oppgåve i å skape medvit om betydninga av lesing blant foreldra.
Eg håper at denne undersøkinga kan medverke til at lesekampanjen Sommerles, og frivillig
lesing generelt, for fleire vil verte noko som lokkar, og på den måten medverke til at fleire
held ved like og utviklar leseferdigheitene sine til ein kompetanse som trass alt vert rekna som
naudsynt for å lære og utvikle seg i det komplekse samfunnet vi lever i. | en_US |