dc.contributor.advisor | Karlsen, Solveig | |
dc.contributor.author | Vadstein, Madelen Navelsaker | |
dc.date.accessioned | 2024-05-14T05:36:28Z | |
dc.date.available | 2024-05-14T05:36:28Z | |
dc.date.issued | 2023-05-14 | en |
dc.description.abstract | Masteroppgåva mi hadde som hensikt å undersøkje vurderingspraksisen til lærarar i naturfag, meir spesifikt knytt til munnlege tilbakemeldingar som undervegsvurdering i samband med praktiske aktivitetar i undervisninga. I masteroppgåva ynskte eg å få svar på kva typar munnlege tilbakemeldingar lærarane nytta mest under dei praktiske aktivitetane og på kva måtar dei brukte tilbakemeldingane som undervegsvurdering. I tillegg ynskte eg å seie noko om kvaliteten på deira vurderingspraksis.
For å undersøkje dette tok eg utgangspunkt i videoar av undervisninga til tre lærarar der elevane gjorde praktiske aktivitetar. Ved hjelp av videoobservasjonar fekk eg moglegheit til å undersøkje korleis deira undervegsvurdering var, og kva som kjenneteikna den. Videoane vart analysert ved hjelp av eit analyseverktøy basert på eit rammeverk av Hattie og Timperley (2007, s. 87), som eg og ein medstudent utvikla saman.
Resultata mine viser at lærarane både bruker mest munnlege tilbakemeldingar men også ein del framovermeldingar, og dei er gode på å definere målet for aktivitetane. Dei gir fleire typar tilbakemeldingar, som hjelp elevane framover i læringsprosessane og opprettheld det faglege aspektet rundt dei praktiske aktivitetane i naturfag. I tillegg gir lærarane elevane tilbakemeldingar som motiverer dei til å jobbe vidare i læringsarbeidet. Dette viser at lærarane har ein god vurderingspraksis som kan gi læring. | en_US |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/33525 | |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | UiT Norges arktiske universitet | no |
dc.publisher | UiT The Arctic University of Norway | en |
dc.rights.holder | Copyright 2023 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/4.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0) | en_US |
dc.subject.courseID | LER-3905 | |
dc.title | Lærarar si undervegsvurdering, i form av munnlege tilbakemeldingar, ved gjennomføring av praktiske aktivitetar i naturfag | en_US |
dc.type | Mastergradsoppgave | no |
dc.type | Master thesis | en |