dc.contributor.advisor | Anderssen, Jorid Sigrun | |
dc.contributor.author | Tang, Marianne Lomheim | |
dc.date.accessioned | 2024-06-19T07:11:25Z | |
dc.date.available | 2024-06-19T07:11:25Z | |
dc.date.issued | 2024-05-31 | en |
dc.description.abstract | Denne studia undersøkjer kva utfordringar sjukepleiarar ved Distriktspsykiatriske Sentre (DPS) møter i sin arbeidskvardag. Bakgrunnen for studia dei betydelege strukturelle endringane i tenestene for psykisk sjuke dei siste tiåra. Endringane i strukturen på norsk psykiatri er forankra i politiske, økonomiske og etiske argument. Denne studia søkjer imidlertid å utforske sjukepleiarane sine eigne opplevingar av tenestene slik dei er strukturerte i dag, samt kva utfordringar dei identifiserer i ivaretagelsen av personar med langvarig og alvorleg psykisk sjukdom innanfor desse rammebetingelsane. Det empiriske grunnlaget i oppgåva er djubdeintervju med sju sjukepleiarar som alle har erfaring frå DPS. I analysen kom det tydeleg fram at dei utfordringane sjukepleiarane står ovanfor i sin kvardag, kan forståast ut frå tre dimensjonar: utfordringar dei opplever i lys av dei strukturelle rammene dei operer innanfor, utfordringar dei står ovanfor på eit organisatorisk nivå og utfordingar dei opplever å stå i ovanfor i møte med pasientane i psykiatrien. Desse ulike aspekta vidare blir drøfta opp mot Michel Foucault sine perspektiv rundt maktstrukturar i moderniteten og Michael Lipsky sin teori om bakkebyråkratane sine dilemma. Studia konkluderer med at den største utfordringa i alle aspekt av sjukepleiarane sin arbeidskvardag, er gapet mellom ideal og realitetar ved DPS. Sjukepleiarane opplever store skilnader mellom deira oppleving av tenestene i praksis og dei visjonane politiske retningslinjer har for tenestene. Dette gapet mellom ideal og realitetar viser seg også i det sjukepleiarane opplever som eit misforhold mellom ressursar og behov i tenestene. Eit misforhold som ofte resulterer i at sjukepleiarane befinn seg i dilemmaet mellom å oppfylle organisatoriske mål eller å prioritere pasientane sine behov i sin arbeidskvardag. Eit anna sentralt funn, er at delar av dette misforholdet mellom ressursar og behov i tenestene, blir absorbert og dempa ved at sjukepleiarane strekk seg langt og nyttar den makta dei sjølve har til å definere eigen arbeidskvardag for å imøtekomme pasientane sine behov. | en_US |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/10037/33849 | |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | UiT Norges arktiske universitet | no |
dc.publisher | UiT The Arctic University of Norway | en |
dc.rights.holder | Copyright 2024 The Author(s) | |
dc.rights.uri | https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/4.0 | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International (CC BY-NC-SA 4.0) | en_US |
dc.subject.courseID | SOS-3900 | |
dc.subject | Psykisk helsevern | en_US |
dc.subject | Antipsykiatri | en_US |
dc.subject | Sykepleie | en_US |
dc.title | Maktstrukturar og rollekonfliktar i sjukepleiaryrket: Ei kvalitativ studie av utfordringar sjukepleiarar ved DPS møter i sin arbeidskvardag | en_US |
dc.type | Mastergradsoppgave | no |
dc.type | Master thesis | en |