dc.description.abstract | Formålet med denne masteroppgåva har vært å undersøke korleis samfunnsfaglærarar opplever møtet med temaet kjønnsinkongruens i klasserommet. På bakgrunn av spenninga den pågåande kjønnsdebatten skapar i samfunnet, og sosiale medias spreiingskraft av informasjon, har ulike haldningar, perspektiv og verdiar omkring kjønn kome tydeleg fram i søkjelyset. Ungdommars auka bruk av sosiale media har gjort informasjon kring kjønnsdebatten veldig tilgjengeleg, som igjen kan føre til den dragast inn i klasserommet. Som følgje av at kjønnsinkongruens har blitt ein ungdomsdiagnose og samfunnsfagets posisjon i elevars kunnskap om identitet og mangfald, har samfunnsfaglæraren fått ein viktig rolle i møtet med temaet kjønnsinkongruens i klasserommet. Eg har derfor valt å undersøke korleis eit utval samfunnsfaglærarar opplever møtet med temaet kjønnsinkongruens i klasserommet, kva slags faktorar som påverkar læraranes møte med temaet, og korleis dei tenkjer sosiale media spelar ein rolle i dette møtet. Eg har nytta meg av seks individuelle kvalitative intervju med samfunnsfaglærarar frå fire ulike skular. Datamaterialet blei tematisk analysert med utgangspunkt i Braun & Clarke sine seks steg for refleksiv tematisk analyse. Vidare blei det lagt til grunn eit teoretisk grunnlag som belyste forskingsprosjektets tematikk, som vidare hadde ein sentral rolle i diskusjonskapittelet av oppgåva. Funna frå forskinga viser at både ytre og indre faktorar påverkar lærarens oppleving av møtet med kjønnsinkongruens. Eksterne faktorar som kjennskap til foreldrane og tilgangen på ressursar spelar ein vesentleg rolle. Intern forståing av ulike omgrep og følelse av manglande kompetanse var også sentrale for lærarens oppleving. Vidare belyste forskinga at sosiale medias rolle i møtet med kjønnsinkongruens er kompleks, med både positive og negative aspekt. Medan nokon ser positivt på sosiale medias rolle i å auke aksepten for kjønnsinkongruens, bekymrar andre seg for spreiinga av desinformasjon og forsterking av eksisterande fordommar blant elevane innanfor temaet. Alt i alt visar oppgåva at lærarane finn seg midt i kjønnsdebattens spenning, der både indre og ytre faktorar, samt sosiale medias rolle, påverkar deira møte med elevar og temaet kjønnsinkongruens. Denne komplekse dynamikken understrekar behovet for å anerkjenne og adressere læraranes utfordringar og behov når det gjelder å handtere sensitive tema som kjønnsinkongruens. | en_US |