Kartlegging av praksis i motsegnssaker
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/36869Dato
2024-12Type
Research reportForskningsrapport
Sammendrag
Norsk lov gir kommunane stor autonomi i å forme si eiga utvikling, men stillar samtidig krav om å ivareta nasjonale og regionale interesser. Dette krev samarbeid og balanse mellom lokale behov og eit breiare samfunnsomsyn. Planlegging, både samfunnsplanlegging og arealplanlegging, er viktige verktøy for å utvikle lokalsamfunna. Motsegnsinstituttet er eit viktig verkemiddel for å sikre at nasjonale og vesentleg regionale interesser ivaretakast i kommunale arealplanar.
Denne kartlegginga ser på korleis statlege og regionale myndigheiter sikrar nasjonale og regionale interesser i kommunale planprosessar, både i tidleg fase og etter høyring. Gjennom intervju og analyse har vi undersøkt korleis ulike aktørar deltek i planprosessar, korleis samarbeidet fungerer og korleis dei har handtert planar møtt med motsegn.
Statlege og regionale myndigheiter legg i aukande grad vekt på ein prosessorientert tilnærming med dialog og samstyring. Våre funn viser at det er stor variasjon i arbeidsmåtar mellom motsegnsmyndigheitene, både geografisk og organisatorisk. Tidleg og tydeleg kommunikasjon vert framheva som avgjerande, men både kommunar og motsegnsmyndigheiter peikar på utfordringar knytt til manglande informasjon i oppstartsfasen. Ressursknappheit fører ofte til prioritering av overordna planar som kommuneplanens arealdel, medan reguleringsplanar får mindre oppfølging.
Regionalt planforum vert sett på som ein viktig arena, men det er store forskjellar i organisering og effektivitet på tvers av fylka. Det er behov for å prioritere vidareutvikling av planforum og dele erfaringar for å sikre meir einsarta praksis. Særleg i komplekse saker kan fleksibilitet i organiseringa av møta bidra til betre avklaring og samarbeid.
Våre funn viser at rettleiing er eit sentralt behov for både kommunar og motsegnsmyndigheiter. Informantane etterspør meir praksisnære døme i rettleiinga. Kommunar har ulike behov, særleg mindre kommunar treng meir støtte, medan større kommunar ofte har kapasitet til å handtere meir komplekse planar sjølve.
Frå våre data ser det ut for at sjølve meklingsprosessen i all hovudsak opplevast som konstruktiv. Det kom og fram døme på at statsforvaltaren si dobbeltrolle som meklar og motsegnsmyndigheit kan vere utfordrande, og at plankunnskapen frå motsegnmyndigheitene ikkje alltid er god nok, særleg det å forstå kva som forventast for dei ulike type planar.
Signala om å redusere talet på motsegner er ei utfordring for motsegnsinstituttet. Her minner vi om at Riksrevisjonen (2019) advarte mot at for få motsegner kan føre til at nasjonale interesser ikkje vert ivaretekne. Reduksjon av talet motsegner bør ikkje vere eit mål i seg sjølv, men snarare vere eit resultat av meir førebyggande og dialogbaserte prosessar Vi anbefaler auka fokus på rettleiing, styrking av regionalt planforum og meir praksisorientert kunnskapsdeling mellom aktørane. Tidleg dialog, dedikerte kontaktpersonar og meir konsekvent praksis mellom fylka kan bidra til betre samarbeid og ei effektiv planlegging.
Beskrivelse
Source at https://www.norceresearch.no/.
Forlag
NORCE Norwegian Research Centre ASSitering
Kvalvik K, Angell E, Nygaard V. Kartlegging av praksis i motsegnssaker. NORCE Norwegian Research Centre; 2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2024 Norce