«Du er den einaste som stoler på meg på denne skulen, og den einaste som blir glad for å sjå meg». Ein kvalitativ intervjustudie om å nytte skulehund i arbeid med elevar med skulefråvær
Forfatter
Dugstad, Hilde KristineSammendrag
Samandrag
Eit ekstra par labbar er til hjelp i ein hektisk skulekvardag med for få hender og utfordringar med å få tida til å strekke til, skreiv NRK hausten 2024 i ein artikkel om skulehundar. Nokre skular nyttar nettopp skulehundar i arbeidet med elevane sine. Erfaringar som blir rapportert om, er blant anna betre skulemiljø, at relasjonsbygginga går raskare og at elevar får auka motivasjon til å kome på skulen (Badi, 2025; Hansen, 2019; Haualand et al., 2024). Samstundes ser det ut som talet på elevar som strevar med skulefråvær er aukande. Skulerelaterte årsaker som blir peika på, er blant anna forventningspress, meir testing og vurdering i skulen og sterkt fokus på teoretiske fag (Bergene et al., 2023). Mange elevar med skulefråvær opplever manglande meistring på skulen, både fagleg og sosialt (Amundsen & Møller, 2020; Hammerich & Bjørgan, 2022).
Denne studien tek for seg korleis ein skulehund kan nyttast i arbeidet med elevar som har utfordringar med skulefråvær, med utgangspunkt i problemstillinga: «Korleis kan ein skulehund som tiltak nyttast for elevar med utfordringar knytt til fråvær i skulen?». Den baserer seg på intervju med 7 informantar som har erfaring med å bruke hund i arbeid med elevar med ulike grader av skulefråvær. Alle har utdanning innan dyreassisterte intervensjonar, og nyttar hundar som er testa for at dei er eigna for formålet.
Studien er vitskapsteoretisk forankra i hermeneutikken, og intervjua er analysert ved hjelp av refleksiv tematisk analyse. Resultata viser at ein hund kan bidra til at elevar opplever større motivasjon både for å kome på skulen og for å gjera skulearbeid. Dette ser ut til å blant anna handle om at hunden kan bidra til at elevane utviklar relasjonar både til lærarar og medelevar, og slik får ta del i eit fellesskap. Vidare kan hunden bidra til å skape eit læringsmiljø der læring er gøy og det er tillate å gjera feil. Dette kan føre til at fleire tørr å prøve, og fleire opplever meistring. Hunden er glad for å sjå elevane uansett kor lenge dei har vore vekke eller kva dei har prestert, og kan tilby ei nærheit som nokre elevar ikkje klarar å ta imot frå menneska rundt seg. Eg drøfter avslutningsvis om desse bidraga frå ein skulehund kan vera med på å skape eit inkluderande fellesskap. Eit inkluderande fellesskap vil både kunne verke førebyggande for at elevar utviklar skulefråvær, i tillegg til å kunne bidra til at elevar med skulefråvær kjem tilbake til skulen.
Forlag
UiT The Arctic University of NorwayMetadata
Vis full innførselSamlinger
- Mastergradsoppgaver ILP [550]