Den gløymte gravskikk? ein diskusjon til dødshusgravskikken i jernalderen
Author
Magnussen, Jens PederAbstract
Denne oppgåva har som formål å diskutere dødshusgravskikken i Noreg. Dette er ein grav-skikk som er nesten gløymd i norsk arkeologi, men er vanleg i svensk og dansk arkeologi. Oppgåva har hovudfokuset på dødshus i Sør-Noreg frå jernalderen, men dødshus frå andre stadar og periodar er med for og gje eit betre bilde på denne gravskikken. Desse andre dødshusa gjer eit bilde på at dødshus ikkje er eit isolert fenomen for Sør-Noreg eller jernalde-ren. Til tross for at denne gravskikken er hovudsakleg innlemma i kammergravskikken, vil denne avhandlinga vise at dette er ein eigen gravskikk.
For å kunne gje ein introduksjon av dødshusgravskikken vil eg presentere teoriar, forskings-historie og materialet til desse dødshusa og diskutere kvifor desse er ein eigen gravskikk og moglege tolkingsmoglegheiter til dødshus. Grunnlaget for tolkingane i denne oppgåva er i all hovudsak tillagt det arkeologiske materialet og då spesielt gravgodset. Tolkingane vil bli retta mot individuell status, religion, ritual, den dødes rolle og symbolikk. Nokon andre viktig punkt som oppgåva vil gå inn på er morfologien til dødshusa og topografien der gravene er plassert. Dette blir gjort for å belyse moglege variasjonar i konstruksjon og plassering av dødshus.
Dødshus har tidlegare blitt skildra i nokre korte artiklar på 1970-talet, men har ikkje fått sik-keleg fagleg behandling. Dette arbeidet som no ligger føre vil forhåpentlegvis vidareføre det arbeidet som vart gjort på 70-talet og gje dødshus gravskikken ein plass i norsk arkeologi.
Publisher
Universitetet i TromsøUniversity of Tromsø
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2013 The Author(s)
The following license file are associated with this item: