Frå einskap til ulikskap? Ei gransking av genustilhøvet ved avleiingar på -skap i skandinavisk
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/6797Dato
2004Type
Journal articleTidsskriftartikkel
Peer reviewed
Forfatter
Conzett, PhilippSammendrag
Denne artikkelen tek utgangspunkt i Hans-Olav Engers (2001) oppmoding om at kategorien “genus” i norsk bør granskast grundigare. Etter ei oversikt over sentrale teoriar innanfor genusforsking følgjer ei undersøking av genustilhøvet ved avleiingar på -skap i skandinavisk. Desse orda kan vere både maskulinum og nøytrum i dansk, svensk og norsk. Avsnitt 3 gjer greie for opphav av og genustilhøvet ved suffikset -skap på grunnlag av tidlegare forsking. Avsnitt 4 gir eit kvalitativt oversyn over avleiingane frå 800 til i dag. Materialet blir analysert i avsnitt 5. Resultata viser at maskulinum opphavleg har vore einerådande, men sidan har tapt terreng i dansk, svensk og bokmål, mens det framleis står ved lag i nynorsk. Tala tyder på at det, etter bortfallet av -r ved maskuline avleiingar, finst ei utvikling frå morfologisk til semantisk genustilordning. Analysedelen prøver å forklare både dei diakrone og komparative tilhøva.
Forlag
Novus ForlagSitering
Norsk lingvistisk tidsskrift (2004), Årgang 22, s. 169-193Metadata
Vis full innførselSamlinger
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: