Fremjande og hemmande faktorar i samvirke mellom politi og redningstenesta - Fokus på redningsaksjonar
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10037/6843Dato
2014-06-25Type
Master thesisMastergradsoppgave
Forfatter
Eknes, MariaSammendrag
Noreg har ein særeigen redningsteneste. Me har ein redningsteneste der mykje er tufta på dugnad og samvirke. Den seinare tida har fleire kritiske hendingar, både menneskeskapte og naturskapte, ramma Noreg. Terrorhendinga 22 juli 2011 førte til at samvirke har vorte nedfelt som eit prinsipp for den norske redningstenesta.
Denne masteroppgåva ser på kva faktorar som kan fremja og hemma samvirke i den norske redningstenesta. Eg ser særleg på grensesetting til samvirke mellom aktørane politiet og dei frivillige redningsorganisasjonane, under ein redningsaksjon. Problemstillinga lyder: Kva faktorar fremjar og hemmar samvirke rundt redningsaksjonar mellom politiet og frivillige redningsorganisasjonar?
For å kunne svara på denne problemstillinga er det i hovudsak brukt fagteori frå fagfeltet krisehandtering, leiing og avgjerdstaking. Med emne som: planlegging, øvingar, leiing og læring. Studiet er utarbeida ved bruk av trianguleringsmetode. Det er gjennomført kvalitative intervju, og kvantitativ spørjeundersøking. Dette har gjeve oppgåva både djupne og breidde.
Studiet visar fleire fremjande og hemmande faktorar for samvirke mellom aktørane. Felles arenaer for nettverksbygging, som felles sosiale arrangement, øvingar, debriefing og evaluering, er ein fremjande faktor for samvirke. Det kan hemma samvirke når disse arenaane blir brukt i lita, eller ingen grad. Dette vert ofte grunngjeve med den faktoren at aktørane har ulike tidsrammer. Vidare treng samvirke ein trygg leiar som kan ta avgjerder, men og er lydhør. Mismatch av leiarrolla er derimot ein hemmande faktor for samvirke. Bruk av rett øvingsform til rett øvingsmål fremjar og samvirke. Her kjem det fram at å gjennomføre felles småøvingar, kan vera vel så effektivt som store felles øvingar.
Forlag
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Vis full innførselSamlinger
Copyright 2014 The Author(s)
Følgende lisensfil er knyttet til denne innførselen: