Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSydnes, Are
dc.contributor.authorHole, Malin Bakke
dc.date.accessioned2015-08-13T12:41:30Z
dc.date.available2015-08-13T12:41:30Z
dc.date.issued2015-06-01
dc.description.abstractDenne studien skal undersøke korleis ein kan sikre utføring av kritiske arbeidsoperasjonar, her illustrert gjennom operative redningsteam. Det har vorte hevda at det finnast lite empiri om kva som er avgjerande for at operative team presterar, men at etablert teori om teamarbeid kan brukast for å forklare prestasjon i operative team (Flin, 1996). Samtidig, bèr naturen ved arbeidsoppdraga til operative redningsteam med seg ei sårbarheit av å møte uventa og uførespegla situasjonar, som igjen kan føre til svikt i teamarbeidet (Weick, 1993). Historia fortel oss at når team sviktar under utføring av kritiske arbeidsoppdrag, kan dette medføre katastrofale konsekvensar (Flin et al., 2008). Weick (1993) argumenterer for at slike team må arbeide inn ei evne til å motstå denne sårbarheita, - dei må bygge inn resiliens i organisasjonen. Problemstillinga for studien er difor; Korleis kan resiliens byggast inn i team som utøver kritiske arbeidsoppdrag? Bakgrunnen for oppgåva var òg ei oppfatning av at det er overlapp i terminologi kring resiliens og teamarbeid. Denne studien kan difor seiast å ha to føremål; å bidra med empiri om prestasjon i operative redningsteam, samt undersøke kor vidt teamarbeid kan bidra til å bygge resiliens i team som utøver kritiske arbeidsoperasjonar. For å svare på problemstillinga vart det gjennomført ein kvalitativ case-studie av ein operativ redningsaktør som opererer på havet. Det vart utført deltakande observasjon av ein kritisk arbeidsoperasjon, dokumentanalyse av det formelle rammeverket for arbeidsoperasjonane i denne organisasjonen, samt tematiserte intervju av landbasert tilsette. Hovudempirien for denne studien baserar seg derimot på semi-strukturerte intervju av tre besetningar, der kvar besetning består av ein kaptein, ein styrmann og ein maskinist. Funn frå denne studien viser at etablerte teoriar om prestasjon i team, òg går att som avgjerande for at denne operative redningsaktøren skal prestere. Dette underbygger argumentet om at teamteori kan forklare prestasjon i operative team. I den utvalte casen er det ideelt at teamet har gode rutinar for kommunikasjon, kjenner arbeidet godt, samt kjenner dei øvrige teammedlemmane. Vidare finn ein at nøkkeldimensjonar ved etablert teamteori går att i karakteristikkar for resiliente organisasjonar, og at ein difor kan nytte teamarbeid for å oppnå desse karakteristikkane, så vel som å sikre effektiv utføring av kritiske arbeidsoppdrag.en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/7909
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_7497
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten_US
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen_US
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2015 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)en_US
dc.subject.courseIDSVF-3920en_US
dc.subjectSamfunnssikkerheten_US
dc.subjectSikkerheten_US
dc.subjectBeredskapen_US
dc.subjectTeamarbeiden_US
dc.subjectTeamworken_US
dc.subjectKritiske arbeidsoperasjoneren_US
dc.subjectOperative redningsteamen_US
dc.subjectRescue teamen_US
dc.subjectIncident managementen_US
dc.subjectKrise- og beredskapsledelseen_US
dc.subjectHøgt-presterende teamen_US
dc.subjectThe Big Fiveen_US
dc.subjectResiliensen_US
dc.subjectResilienceen_US
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Statsvitenskap og organisasjonsteori: 240en_US
dc.subjectVDP::Social science: 200::Political science and organizational theory: 240en_US
dc.titleTeamarbeid under kritiske arbeidsoppdrag. Ein casestudieen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)
Med mindre det står noe annet, er denne innførselens lisens beskrevet som Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)