Show simple item record

dc.contributor.advisorHolen, Frank
dc.contributor.authorFauskanger, Kjell Magne
dc.date.accessioned2016-04-05T12:55:32Z
dc.date.available2016-04-05T12:55:32Z
dc.date.issued2015-11-15
dc.description.abstractTema for oppgåva er kompetansemessige variasjonar for ingeniørar i kraftbransjen som representerer to ulike formelle utdanningsløp; ingeniørar med fagbrev og ingeniørar utan fagbrev. Oppgåva si føremål var å undersøkje leiarar si vurdering av variasjonane for desse to gruppene og korleis variasjonane vart handtert. Problemstillinga for oppgåva har vore: Korleis vurderer og handterer leiarar variasjonar i kompetansen knyta til to ulike formelle utdanningsløp for ingeniørar som arbeider i tre kraftnettverksemder, og kva for verknad har dette i det daglege arbeid? Kva bakanfor forhold ligg til grunn for variasjonen i kompetansen? Det teoretiske rammeverket er i hovudsak bygd opp rundt bidrag frå Lai (2013) og Nordhaug (2004), og er i korte trekk sentrert rundt kompetanseomgrepet, kompetansekomponentar (kunnskapar, ferdigheiter, evner og haldningar), kompetanseformer, læring og felleskompetanse. Oppgåva omhandlar også faktorar i samband med kompetansestyring som angår rekruttering, mobilisering og utvikling av kompetanse. Den metodiske tilnærminga som er nytta er kvalitative dybdeintervju av seks avdelingsleiarar og ni ingeniørar i tilhøyrande avdelingar, i tre kraftnettverksemder. Dette dannar det empiriske materialet som blir vidare analysert og diskutert opp imot det teoretiske rammeverket. Hovudfunna viser at ingeniørar med fagbrev stiller sterkare når det gjeld kunnskap som angår praktisk orientert teori og kunnskap om årsakssamanhengar. Vidare viser det empiriske materiale at dei også stiller sterkare når det gjeld ferdigheiter til å løyse praktiske problemstillingar. Datamaterialet peikar på at ingeniørane med fagbrev synst å vere noko favorisert av leiarane. I kontrast til dette hevdar majoriteten av leiarane likevel at det er behov for begge ingeniørgrupper i avdelingane, og at i ein rekrutteringsprosess er ein på jakt etter ingeniørar frå begge utdanningsløp. Dei fleste leiarane seier at dei gjev same grad av tillit til dei to ingeniørgruppene. Det hevdast også at gjeldande organisering, med begge grupper arbeidande i same avdeling, er mest formålstenleg med tanke på utvikling og mobilisering av kompetanse. Studia er relativt liten, og datamaterialet har ikkje nok tyngde til å konkludere – men den kan danne grunnlag for vidare og meir omfattande forsking innanfor området.en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/9105
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_8671
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten_US
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen_US
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2015 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)en_US
dc.subject.courseIDSTV-3906
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Statsvitenskap og organisasjonsteori: 240en_US
dc.subjectVDP::Social science: 200::Political science and organizational theory: 240en_US
dc.subjectKompetanseen_US
dc.subjectIngeniøren_US
dc.subjectFagbreven_US
dc.subjectKraftbransjenen_US
dc.titleVariasjonar i kompetanse hos ingeniørar med og utan fagbrev. Ei kvalitativ studie om leiarar si vurdering og handtering av kompetansemessige variasjonar for ingeniørar i tre kraftnettverksemderen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


File(s) in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)
Except where otherwise noted, this item's license is described as Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)