Karakterisering av legemiddelbruk, kvalitet av legemiddellister, symptom på biverknader og livskvalitet hos eldre pasientar. Ei pilotstudie gjennomført ved geriatrisk sengepost, Universitetssjukehuset Nord-Noreg
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/9497Date
2016-05-12Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Sigmundsen, Åshild HidleAbstract
Bakgrunn og formål: Det skal gjennomførast ei randomisert kontrollert studie ved geriatrisk sengepost ved Universitetssjukehuset Nord-Norge med oppstart hausten 2016 kor en strukturert modell for å auke kvalitet av legemiddelbehandling skal testast ut. Det er behov for baseline data i forhold til legemiddelbruk i pasientpopulasjonen samt pilotering av nokre verktøy. Denne studia er utført på geriatrisk sengepost med formål om å kartlegge 1) legemiddelbruk, 2) uovereinstemmingar i legemiddellistene, 3) eventuelle symptom på legemiddelbiverknader, 4) livskvalitet, samt 5) å undersøke om det er forskjell mellom menn og kvinner for nokre av variablane.
Metode: Totalt blei 60 pasientar med ein gjennomsnittsalder på 84,5 år innlagt ved geriatrisk sengepost, inkludert i ei tverrsnittstudie, i perioden 19. oktober til 17. desember 2015. Legemiddellista blei samstemt ved bruk av legemiddelintervju eller aktuell liste. Dei aktuelle uovereinstemmingane blei diskutert med behandlande lege, og eventuelle intervensjonar blei gjennomført. Legemidla pasienten brukte ved innkomst til avdelinga blei registrert etter legemiddelsamstemming. Pasientane blei intervjua for å avdekke om dei hadde symptom som kunne knyttast til legemiddelbruk ved bruk av eit symptomscoringsverktøy. Det blei og målt livskvaliteten til pasientane under sjukehusopphaldet ved bruk av verktøyet EQ-5D-3L-VAS.
Resultat: Dei inkluderte pasientane brukte totalt 583 legemiddel, i gjennomsnitt 9,4 legemiddel kvar. Det blei identifisert uovereinstemmingar i 73 % av legemiddellistene. Gjennomnittleg tal uovereinstemming per pasient var 2,7. Den hyppigaste uovereinstemminga var utelate legemiddel, som fann stad i 52 % av tilfella. Ved diskusjon med behandlande lege, var det kun to forslag til endringar som ikkje blei teke til følge. Av pasientane rapporterte 91% at dei hadde minimum eit symptom på symtomscoren. Gjennomsnittleg hadde pasientane 4,4 symptom kvar. Dei hyppigaste rapporterte symptoma var torr i munnen og generell trøttleik som blei rapportert av 63% og 62% pasientar. Gjennomsnitleg blei EQ-5D-3L-indeksen målt til 0,73, og gjennomsnitleg VAS-score var på 60.
Konklusjon: Legemiddelbruken blant eldre er omfattande og kompleks. Legemiddelsamstemming er ein god metode for å identifisere uovereinstemmingar mellom legemiddellista i sjukehus og kva pasientane faktisk brukar. Metoden kan brukast for å sikre at legemiddellistene i sjukehus er oppdaterte. Pasientane hadde høg forekomst av symptom på legemiddelbiverknader. Kor vidt dette er relatert til spesifikk legemiddelbruk må undersøkjast nærare. EQ-5D-3L-VAS fortel lite om livskvaliteten til eldre pasientar ved ein einsleg måling, men kan truleg nyttast ved fleire målingar av same pasient.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2016 The Author(s)
The following license file are associated with this item: