Show simple item record

dc.contributor.advisorGarcia, Beate H.
dc.contributor.advisorHalvorsen, Kjell H.
dc.contributor.authorSigmundsen, Åshild Hidle
dc.date.accessioned2016-07-27T09:20:40Z
dc.date.available2016-07-27T09:20:40Z
dc.date.issued2016-05-12
dc.description.abstractBakgrunn og formål: Det skal gjennomførast ei randomisert kontrollert studie ved geriatrisk sengepost ved Universitetssjukehuset Nord-Norge med oppstart hausten 2016 kor en strukturert modell for å auke kvalitet av legemiddelbehandling skal testast ut. Det er behov for baseline data i forhold til legemiddelbruk i pasientpopulasjonen samt pilotering av nokre verktøy. Denne studia er utført på geriatrisk sengepost med formål om å kartlegge 1) legemiddelbruk, 2) uovereinstemmingar i legemiddellistene, 3) eventuelle symptom på legemiddelbiverknader, 4) livskvalitet, samt 5) å undersøke om det er forskjell mellom menn og kvinner for nokre av variablane. Metode: Totalt blei 60 pasientar med ein gjennomsnittsalder på 84,5 år innlagt ved geriatrisk sengepost, inkludert i ei tverrsnittstudie, i perioden 19. oktober til 17. desember 2015. Legemiddellista blei samstemt ved bruk av legemiddelintervju eller aktuell liste. Dei aktuelle uovereinstemmingane blei diskutert med behandlande lege, og eventuelle intervensjonar blei gjennomført. Legemidla pasienten brukte ved innkomst til avdelinga blei registrert etter legemiddelsamstemming. Pasientane blei intervjua for å avdekke om dei hadde symptom som kunne knyttast til legemiddelbruk ved bruk av eit symptomscoringsverktøy. Det blei og målt livskvaliteten til pasientane under sjukehusopphaldet ved bruk av verktøyet EQ-5D-3L-VAS. Resultat: Dei inkluderte pasientane brukte totalt 583 legemiddel, i gjennomsnitt 9,4 legemiddel kvar. Det blei identifisert uovereinstemmingar i 73 % av legemiddellistene. Gjennomnittleg tal uovereinstemming per pasient var 2,7. Den hyppigaste uovereinstemminga var utelate legemiddel, som fann stad i 52 % av tilfella. Ved diskusjon med behandlande lege, var det kun to forslag til endringar som ikkje blei teke til følge. Av pasientane rapporterte 91% at dei hadde minimum eit symptom på symtomscoren. Gjennomsnittleg hadde pasientane 4,4 symptom kvar. Dei hyppigaste rapporterte symptoma var torr i munnen og generell trøttleik som blei rapportert av 63% og 62% pasientar. Gjennomsnitleg blei EQ-5D-3L-indeksen målt til 0,73, og gjennomsnitleg VAS-score var på 60. Konklusjon: Legemiddelbruken blant eldre er omfattande og kompleks. Legemiddelsamstemming er ein god metode for å identifisere uovereinstemmingar mellom legemiddellista i sjukehus og kva pasientane faktisk brukar. Metoden kan brukast for å sikre at legemiddellistene i sjukehus er oppdaterte. Pasientane hadde høg forekomst av symptom på legemiddelbiverknader. Kor vidt dette er relatert til spesifikk legemiddelbruk må undersøkjast nærare. EQ-5D-3L-VAS fortel lite om livskvaliteten til eldre pasientar ved ein einsleg måling, men kan truleg nyttast ved fleire målingar av same pasient.en_US
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10037/9497
dc.identifier.urnURN:NBN:no-uit_munin_9055
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUiT Norges arktiske universiteten_US
dc.publisherUiT The Arctic University of Norwayen_US
dc.rights.accessRightsopenAccess
dc.rights.holderCopyright 2016 The Author(s)
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/3.0en_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)en_US
dc.subject.courseIDFAR-3911
dc.subjectKlinisk Farmasien_US
dc.subjectVDP::Medisinske Fag: 700::Basale medisinske, odontologiske og veterinærmedisinske fag: 710::Farmakologi: 728en_US
dc.subjectVDP::Medical disciplines: 700::Basic medical, dental and veterinary science disciplines: 710::Pharmacology: 728en_US
dc.subjectVDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Samfunnsfarmasi: 812en_US
dc.subjectVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Community pharmacy: 812en_US
dc.titleKarakterisering av legemiddelbruk, kvalitet av legemiddellister, symptom på biverknader og livskvalitet hos eldre pasientar. Ei pilotstudie gjennomført ved geriatrisk sengepost, Universitetssjukehuset Nord-Noregen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.typeMastergradsoppgaveen_US


File(s) in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following collection(s)

Show simple item record

Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)
Except where otherwise noted, this item's license is described as Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 Unported (CC BY-NC-SA 3.0)