Forholdet mellom kristendom og folketru i Krabvaag (1905) av Regine Normann. Ein analyse av korleis konflikten mellom kristendomen og folketrua arter seg
Permanent link
https://hdl.handle.net/10037/9699Date
2016-05-16Type
Master thesisMastergradsoppgave
Author
Solbakk, KristineAbstract
I denne oppgåva analyserer eg korleis konflikten mellom folketru og kristendom artar seg i Krabvaag. Eg skal granske konflikten både på eit individuelt og samfunnsmessig nivå. Spesielt vil eg gå inn på korleis hovudpersonen Paulina taklar konflikten. Eg ser på konflikten som ei motsetning i Paulina, ho klarer ikkje å integrere kristendomen og folketrua godt nok i seg sjølv. Det er mora Karen som er representant for den dømande kristendomen, ho har ein egoistisk form for kjærleik og klarer dermed ikkje å elske dottera. Midt i alt dette er det ei kjærleikshistorie mellom Paulina og samen Jon. Paulina lengtar etter kjærleik, men ho blir stoppa av både indre og ytre krefter. Eg bruker Bakhtin for å beskrive stemmene i dei ulike romanpersonane, og korleis dei blir påverke av desse. Else er representanten for den gode folketrua, men ho er også kristen. Ho har ikkje noko til over for den fordømande trua, og prøver å hjelpe Paulina så godt ho kan. Paulina vinglar mellom dei to utgangspunkta for trua. Dette får ho til å bukke under, og er eit bilde på sjølve konflikten.
Publisher
UiT Norges arktiske universitetUiT The Arctic University of Norway
Metadata
Show full item recordCollections
Copyright 2016 The Author(s)
The following license file are associated with this item: